Hopp til innhold

Sogndal tapte borte mot Sarpsborg 08

Trenar Jonas Olsson meinte før kampen at Sogndal hadde gode sjansar for å slå Sarpsborg 08 på bortebane i kveld. Han tok feil.

Jonas Olsson

KLAR FOR KAMP: Jonas Olsson og spelarane på Sogndal er alltid lystne på siger. No er det lenge sidan sist.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Når Sogndal møter Sarpsborg 08 på bortebane i kveld ligg dei på nest siste plass på tabellen med 21 poeng (sjå tabellen nedst i saka). Det ser i utgangspunktet mørkt ut, men trenar Jonas Olsson ser ikkje slik på det.

Er du sikker på at Sogndal kjem til å overleve i eliteserien?

– Ja.

– Er inne på eit bra spor

Så sikker er han. Sarpsborg ligg på ein førebels niande plass på tabellen, men det har lite å seie, meiner Olsson. Han har oppskrifta på siger klar, og har tru på at dei kan vinne over Sarpsborg.

– Vi skal halde fram i det sporet vi har vore inne på. Vi har gjort mange bra kampar no, og gjer vi ein bra kamp i Sarpsborg kjem vi til å få med oss poeng også. Det handlar om å vere konsekvent og orke å gjere bra prestasjonar over tid, seier han.

For kva tabellen viser bryr han seg fint lite om, sjølv om det er det han kanskje blir spurt mest om.

– Vi ser ikkje så mykje på tabellane. Vi skal vere over streken etter 30 kampar, men fram til det fokuserer vi på det vi gjer i kvardagen, på treninga og dei kampane vi spelar. Vi har som sagt spelt bra kampar, men har ikkje fått med oss resultat. Men held vi fram med å prestere kjem vi til å få med oss poenga også, seier Olsson.

Har ikkje vunne sidan juni

Sogndal har ikkje vunne sidan dei spelte mot Vålerenga i juni. Det var den siste sigeren i ei god rekkje kampar med anten siger eller uavgjort. Men på dei elleve kampane etter dette har dei berre spelt uavgjort tre gonger, resten har vore tap. Olsson meiner likevel dei har spelt mange bra kampar den siste tida, og seier det er vanskeleg å svare på kvifor dei då ikkje klarar å hente med seg poenga.

– Det handlar om å score på målsjansane og unngå å sleppe inn enkle mål. Men det er slik i fotballen at ein i periodar spelar bra utan å få med poeng. Etter 30 rundar har ein fasiten, og då har du dei poenga du fortener, og det vi kjem vi også til å ha, seier han.

Korleis kan du vere så sikker på at Sogndal vil bli verande i eliteserien?

– Eg har vore med ei god stund og vore med på slike situasjonar tidlegare, også i Sogndal. Så lenge spelargruppa og trenarane har tru på, planlegg ut frå, og jobbar for at vi skal spele i Tippeligaen i 2015, så kjem vi til å gjere det. Det er ein fare for at spelarane kan gå i den fella at dei vert påverka av journalistar som stadig pratar om nedrykk og er negative generelt, men det har vi ikkje gjort, seier Olsson.

– Sugne på å motbevise alle ekspertar

For trass i dystre spådommar har dei trua, og det er nettopp dette som er motivasjonen deira.

– Vi er ganske sugne på å motbevise alle ekspertar som tippar at vi rykker ned. Den motivasjonen treng vi ikkje jobbe med aktivt med, den får vi uansett. Alle er bevisst på kva vi skal gjere framover. Førebels gjeld det å gjere vårt beste kvar dag, og så kjem det til å gi resultat over tid.

Likevel kan ein ikkje sjå vekk frå at Sogndal har møtt på fleire utfordringar den siste tida, og ikkje berre i høve til tabellen. Blant anna har dei hatt stor utskifting av spelarar.

– Det tek litt tid for dei å bli kjent med kvarandre både på og utanfor banen. I tillegg til dette har vi hatt mykje skader, og har det framleis. Det er veldig lett å leite etter feil og finne unnskyldningar, men det er ikkje tida for å gjere det. Vi må jo sjå på dei moglegheitene vi har. Vi har 30 spelarar som vi trur på, og det kjem vi til å ha heile vegen inn, seier Olsson.

Då Sogndal møtte Sarpsborg førre gong, på Fosshaugane i vår, enda kampen med stillinga 1–1.

Laster innhold, vennligst vent..