Hopp til innhold

Let seg ikkje skremme av gamle heltar

Nedrykkstruga Stabæk kjem til Sogndal med ein 3–0 siger over Ålesund i bagasjen. Sjølv om bærumslaget no viser gode takter kjenner sogningane seg sikre på full pott.

Eirik Bakke og Vidar Vadseth

VIL HA TRE POENG: Sogndal-trenar Eirik Bakke og leiar for supporterklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth, er sugne på tre poeng på Fosshaugane i dag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Stabæk er eit lag vi skal slå heime, absolutt, seier ein forventningsfull leiar for supporterklubben Saftkokaradn, Vidar Vadseth timar før kampstart.

Sogndal-trenar Eirik Bakke har merka seg at laget på andre sida av fjella er i siget, men ser føre seg ein siger som tek laget opp til 30 poeng på tabellen.

– Stabæk har fått ein opptur med at dei har vore gode på bortebane. Det er eit lag på veg oppover, så vi må vere på vårt beste skal vi ta poeng. Men det reknar eg med vi er, gliser trenar Eirik Bakke på klubben sine sider.

Du kan følgje kampen minutt for minutt eller høyre den direkte i vårt fotballstudio på radio. I dag er det Inge Kjell Holme som har med seg Sogndal-ekspert Jon Navarsete.

Laster innhold, vennligst vent..

Har sjeldan delt poenga

Skal ein lene seg på statistikken er det lite sannsynleg at Sogndal og Stabæk deler poenga. Berre ein av dei 19 tidlegare eliteseriekampane mellom laga har enda med poengdeling, Stabæk har vunne elleve og Sogndal sju.

Då Sogndal gjesta Nadderud stadion i starten av juli pirka Mahatma Otoo inn kampens einaste mål i andre omgang.

Når laga går på bana i den friske sognelufta i ettermiddag møter Stabæk nok ein gong svoltne Sogndal-spelarar, men Eirik Bakke veit at dei vil få tøff motstand.

Har fått to gamle heltar tilbake

For laget som kjem til saftbygda i dag har blitt kraftig forsterka sidan sist. To gamle heltar, Alanzinho og Muhamed Keita er tilbake i blått, og sist helg var dei i sitt ess då Stabæk fullstendig overkøyrde Ålesund.

– Alanzinho veit vi at er ein god spelar, og Keita er kanskje ein av dei beste spelarane i Tippeligaen, seier Bakke om motstandarklubben sine forsterkningar.

Men supporterleiar Vadseth trur ikkje dei gamle heltane gir Stabæk styrke nok til å slå Sogndal.

– Sjølv om dei har fått to nye spelarar, så får dei framleis berre lov til å spele med elleve mann. Vi slo dei 1–0 borte, og hadde bra kontroll.

keita

PERLEMÅL: Muhamed Keita skåra eit perlemål i sitt comeback for blåtrøyene i Stabæk sist helg. Sogndal-trenar Eirik Bakke veit at han kan bli farleg på Fosshaugane i kveld.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Revansjesugne

Medan gjestane kjem over fjella med sjølvtillit etter ein trepoengar, fekk Sogndal seg ein nedtur då dei måtte dele poenga med Start etter eit mål i siste speleminutt.

Det Vadseth har sett på treningsfeltet gjer han likevel sjølvsikker på laget sine vegne.

– Eg trur spelarane er skikkeleg revansjesugne. Det har vore bra intensitet og bra stemning på trening denne veka. Eg er ganske trygg på at dei klarar tre poeng.