Hopp til innhold

Let seg ikkje skremme av den første hauststormen

Skipper Knut Tore Myklebust har vore ute i dårleg vêr før. Full storm på Nordfjorden let han seg ikkje skremme av.

Knut Tore Myklebust

SPAKNA: Då NRK snakka med Knut Tore Myklebust på MF Vågsøy i 14-tida onsdag ettermiddag hadde vinden løya mykje.

Foto: Privat

– Det var opp i full storm iallfall, fortel ferjeskipperen på MF Vågsøy.

Turane mellom Oldeide og Måløy har vore av det litt meir krevjande slaget i dag, men ikkje verre enn at ferja har gått som normalt.

– Ein må konsentrere seg mykje meir i slikt vêr, og ta høgde for det meste. Vinden kan fort skifte retning, seier den erfarne skipperen.

– Liten storm langs kysten

Og han er ikkje den einaste som har merka at hausten for alvor har gjort sitt inntog. Etter ein lengre periode med finvêr har det i dag vore grått og vått over heile fylket.

– Det har vore ein skikkeleg haustdag, konstaterer statsmeteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ho seier det i dag har blåse sterk kuling og liten storm langs kysten, og at det ved Stad har vore oppe i sterk storm.

– Det er veldig kraftig vind, seier meteorologen.

Meir regn i vente

Utover ettermiddag har vinden løya. Også regnet har dabba av i intensitet, ei utvikling som vil halde fram ut dagen.

Men styggevêret har på ingen måte tenkt å gje fred med det første. I morgon kjem eit nytt lågtrykk over Sogn og Fjordane.

– Det vil blåse sørvestleg stiv kuling, og opp i sterk kuling, kanskje storm ved Stad. Det blir også ein god del nedbør i morgon.

– Endå meir enn vi har hatt i dag. Stort sett heile morgondagen blir det regn, så går det over til regnbyer på kvelden, seier Skjerdal.

Med slike meldingar kan det vere ein fordel å hente fram både støvlar, regnklede og paraply. Skipper Knut Tore Myklebust på MF Vågsøy lovar å halde ferja over Nordfjorden på stø kurs.

– Først når vindstyrken blir stå kraftig at vi ikkje greier legge til kai må vi innstille, seier han.

– Skift dekk

På fleire av fjellovergangane i Sør-Norge har det lagt seg snø, noko som kan gje krevjande køyreforhold.

På fylkesveg 55 over Sognefjellet hamna ein semitrailer i autovernet etter føraren fekk problem på det glatte føret. Vegen her var stengd i ein lengre periode i ettermiddag på grunn av bilberging.

På Vegtrafikksentralen får dei mange telefonar frå folk som lurer på om dei må ha vinterdekk for å kome seg over fjella. Roger Nedberge Hille har eit enkelt råd til folk.

– Vi prøver å minne dei på at dei ikkje berre skal over fjellet på tur. Dei skal ofte returnere også. Då må dei tenkje langsiktig og sko seg rett, seier Hille.