Hopp til innhold

Let seg ikkje knekke etter dommen

Leiar Svein Hansen i Sjukehusaksjonen i Nordfjord er forferdeleg skuffa etter utfallet i rettsforhandlingane mot Helse Førde.

Svein Hansen

GIR IKKJE OPP: Leiar for Sjukehusaksjonen, Svein Hansen, er klar til å kjempe vidare for sjukehuset,

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Men vi har ikkje tenkt å gi oss, Det er mange viktige saker framover og nokon må følgje med og seie frå om kva folket meiner, seier han til Fjordabladet.

Bergen tingrett frifann Helse Førde i saka der helseføretaket var skulda for å ha gjort nedleggingsvedtak i strid med loven.

Helse Førde og Sjukehusaksjonen i Nordfjord møttest måndag og tysdag i rettsforhandlingar i Bergen tingrett. Sjukehusaksjonen kravde at retten skulle gjere om på vedtaket i Helse Førde om å leggje ned ortopediavdelinga ved Nordfjord sjukehus.

– Lite glede av pengar når skaden har skjedd

I rettsavgjerda frå tingretten står det at pasientar ikkje har ein lovfesta rett til å krevje at ei behandling skal gjennomførast ved eit lokalsjukehus. Det står også at ein skade må ha skjedd før det går an å få prøvd det rettsleg.

–Økonomisk erstatning i ettertid har dei lite glede av dei som sit som ein grønsak på ein sjukeheim eller er pårørande til pasientar som har døydd, seier han.

Fredag sa advokaten til Sjukehusaksjonen, Gerd Aaland Fagerli, at dei skal lese avgjerda grundig før dei bestemmer seg for om dei skal anke eller ikkje.

– Vi har full kontroll

Sjukehusaksjonen vart dømd til å betale Helse Førde sakskostnader på 402.421 kroner. I tillegg må sjukehusaksjonen betale sine eigne sakskostnader på 440 700 kroner. Samla utgjer desse kostnadene vel 445 000 kroner meir enn det aksjonen hadde på konto då dei gjekk i gong med saka.

Til avisa seier Hansen at dei har full kontroll.

– Folk har ei utruleg evne til å støtte opp om aksjonen. Men no ønskjer fleire medlemmer og skal ha ein stor basar for å skaffe oss fleire, seier han.