Kvar skuledag har dei elleve femteklassingane brukt to timar til både høgtlesing og anna lesetrening. Fleire andre skular har også gjennomført prosjektet, men Senneseth syntest opplegget for prosjektet var så interessant at han ville prøve å måle om det hadde ein effekt.
Færre feil
– Vi tok ein leseprøve før prosjektet og ein tilsvarande prøve etter at prosjektet var gjennomført, og hadde vona at endringane skulle vera målbare, seier Senneseth. No kan han i tillegg til å glede seg over 40 prosent auke i lesefarten, også slå fast at talet på feil gjekk ned med ein tredel.
Pengesparing
Det var spesialpedagogane i Gaular kommune som bestemte at prosjektet Leselyst skulle gjennomførast for alle elevane på mellomtrinnet i kommunen. Håpet er at dei seinare skal spare pengar på mindre bruk av spesialundervisning.
Auka leselyst
I tillegg til dei positive målbare resultata, har Senneseth fått tilbakemeldingar frå både elevar og foreldre om at den generelle leselysta har auka.