Hopp til innhold

Lerum varslar permitteringar

Lerum fabrikker har sendt ut permitteringsvarsel til alle dei 80 tilsette på Kaupanger. Svikt i brussalet er årsaka.

Brusproduksjon på Lerum fabrikker
Foto: NRK

Administrerande direktør Jan Petter Vadheim seier at salet så langt i år har vore 40 prosent dårlegare enn på same tid i fjor.

- Folk kjøper mindre av den brusen vi lagar, seier han.

Tøffe tider

Det er merkevarer som Coca Cola og Solo som gjer at Lerum for tida opplever tøffe tider i brusmarknaden. Deira såkalla "private label"-produkt, som dei lagar på oppdrag frå Norgesgruppen og Coop, blir ofte ståande att i butikkhyllene når folk handlar.

Store variasjonar 

Jan Petter Vadheim
Foto: NRK

Administrerande direktør i Lerum, Jan Petter Vadheim, seier at dei ofte opplever variasjonar i salet. No må dei fort finne ut om dagens situasjon er meir alvorleg enn tidlegare.

- Vi har hatt svikt i brussalet tidlegare også, men no må vi finne ut om dette er ein permanent situasjon for oss. Vi jobbar inn mot kjedene og ser om det går an å gjere nokre grep, seier han.

Avklaring på onsdag

80 personar har fått permitteringsvarsel ved fabrikken på Kaupanger. Om nokon i det heile teke blir permitterte eller omplasserte gjenstår å sjå. Det blir avgjort på eit møte mellom leiinga og dei tillitsvalde førstkomande onsdag. Jan Petter Vadheim er uansett ikkje komfortabel med situasjonen.

- Eg tykkjer det er trist at vi kjem i ein situasjon der vi må permittere. Vi skulle ynskt at vi hadde større sysselsetting i staden for å måtte redusere. Men eit alternativ til permittering er å sjå om vi kan omplassere folk til dei andre verksemdene våre, seier han.

Omplassering

Vadheim seier at dei no jobbar med å få til ei løysing der tilsette vert omplasserte frå brusfabrikken på Kaupanger til syltetøyfabrikken i Sogndal.

- Vi sel bra med syltetøy for tida, og på fabrikken i Sogndal er det behov for meir folk. Vi snakkar om å omplassere tre-fem personar, forklarar direktøren.

Med knusande ro

Hovudtillitsvald ved Lerum Fabrikker, Målfrid Bjørgum, tek permitteringsvarselet med knusande ro. Ho seier dei har opplevd liknande tider tidlegare og trur det beste også denne gongen.  

- Vi reknar med at det går bra og at salet tek seg opp, slik at det ikkje vert noko av permitteringane, seier ho.