Det er fabrikklokalet nærast sentrum som er seld. Det har knapt vore brukt etter at Lerum la ned flaskesorteringa i 2007.
Den formelle kjøparen er eigedomsselskapet Herman Andersen AS i Årdal. Selskapet skal leige bygget ut att til Andersen AS, som driv Byggmakker i Øvre Årdal.
Prisen er fire millionar kroner.
– Området hjå Lerum er midt i blinken for oss. Vi skal bygge om lokala til ein byggevarebutikk. Butikken vi har i Lærdal i dag er for liten, seier dagleg leiar Kjell Andersen i Andersen AS til NRK.
Skal bygge
Selskapet skal i tillegg til kjøpesummen, investere 11 millionar kroner i å oppgradere bygget.
– Den fremste delen får ein butikk på 600 kvadratmeter. Den bakre delen blir byggevare og trelast. Sida mot kulturhuset ønsker vi skal bli utandørs byggevarelager, seier Andersen.
Til saman er bygget på cirka 1700 kvadratmeter.
Framdriftsplanen er at den nye butikken skal opne i mai.
– Butikken får same Byggmakker-konsept som i Øvre Årdal, seier Andersen.
Må omsetje for meir
Det har gått to år sidan Andersen tok over butikken til Fretland Bygg i Lærdal. Andersen er nøgd med utviklinga, og seier butikkane på Lærdalsøyri og i Øvre Årdal omsette for 66 millionar kroner i fjor.
– Vi er nøydd til å få ei ytterlegare omsetningsauke for å tole investeringane. Eg håpar vi klarar det med topp moderne butikk og meir handel, seier Andersen.
Lerum har i fleire år slitt med å selge eigedomen, og fleire alternativ har vore framme. Administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug er glad for avtalen.
– Vi ønsker å samlokalisere all verksemd på Kaupanger. Og då ønsker vi å selje anlegget i Lærdal. Vi trur dette vil vere med på å vidareutvikle Lærdal, seier Trine Lerum Hjellhaug.
- LES OGSÅ:
Lang historie
Anlegget på Grandane vart bygd som konservesfabrikk i 1979 av Bergen og Drægni produkter. To år seinare tok Forbrukarsamvirket over med sitt konservesmerke «Røra».
I 1984 flytta Sunco/Heistad inn. Dei avvikla i 1994 og Lærdal kommune tok over. Kommunen leigde til Lerum-gruppa, som seinare kjøpte anlegget.
Lerum dreiv fryseri, lager og sorteringssentral for tomgods. Kring 17 personar hadde arbeid. Lerum brukar framleis fryseriet innil ny frys er klar på Kaupanger.
Bygget langs med riksveg 5 er leigd ut til Lærdal Grønt og Felleskjøpet.