Hopp til innhold

Her skal Trine føre arven etter forfedrene vidare

SOGNDAL (NRK): Sidan 1919 har Lerum produsert saft og syltetøy på dampskipskaien i Sogndal.

Trine Lerum Hjellhaug

SNART FERDIG: Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum, framfor den snart ferdige pakkehallen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er heilt fantastisk. Eg måtte ein tur innom her i går for å prøva det første blåbærsyltetøyet, seier Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Måndag vart det første syltetøyet tappa i den nybygde delen av fabrikken på Kaupanger.

Samlar alt

Tom Lerum-fabrikk i Sogndal

TOMT: Det er ikkje så mange produksjonslinjer att i fabrikken i Sogndal no.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fram til no har Lerum hatt saft- og jusproduksjon på Kaupanger, syltetøy i Sogndal og frys i nabokommunen Lærdal. Men med 6000 nye kvadratmeter i fabrikken på Kaupanger, samlar dei alt der frå denne våren av.

Om tre til fire veker skal all produksjon av Lerum-produkt vera avvikla i fabrikken på kaien i Sogndal. Med det er nesten 100 år med saft- og syltetøy-produksjon i Sogndal sentrum historie.

– Det er litt rart. Men utviklinga går sin gang, og me var nøydde til å gjera noko anten her eller der. Då valde me ny fabrikk her, som skal gi oss konkurransekraft framover.

Trine Lerum Hjellhaug

FØRSTE LINJA: Trine Lerum Hjellhaug måtte nett prøva blåbærsyltetøyet i går. Her med Helge Nornes.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lerum vart starta i 1907 på Sørheim i Luster, og i 1919 flytta dei produksjonen til sin nye fabrikk på kaien i Sogndal. Sidan den gong har dei hatt fleire produksjonslokale i Sogndal og på Hermansverk. Tidleg på 90-talet opna ein ny fabrikk på Kaupanger for saft- og jusproduksjon (og tidlegare brus).

– Me slepp all transport mellom Lærdal, Kaupanger og Sogndal, og det er finare fabrikklokale. Og så er det ei kraft i seg sjølv å få samla heile laget på éin plass, seier ho.

– Vemodig

– Eg har ein jobb der eg er mykje ute, så å vera midt i Sogndal sentrum nede ved sjøen har vore fantastisk. Det blir vemodig å gå herifrå siste dagen, seier Kjell Hodlekve.

Kjell Hodlekve

VETERAN: Kjell Hodlekve har jobba i Lerum i 38 år.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han har jobba i Lerum i 38 år. Først som lastebilsjåfør, og sidan 1996 som truckførar på fabrikken på kaien i Sogndal. Men han ser også fram til å få ein ny arbeidsplass, ei knapp mil ute av sentrum.

– Det blir mykje lettare for alle å ha éin fabrikk å forholda seg til, seier han.

130 leilegheiter på brygga

prospekt for lerumtomta

VISJONEN: Slik ser utbyggjarane for seg at leilegheitene på Lerum brygge kan bli.

Foto: Veidekke

Med syltetøy-produksjonen vekke frå dampskipskaien, opnar det for nye moglegheiter. I 2016 kjøpte Veidekke, saman med lokale aktørar, fabrikken og tomta i Sogndal. Der skal det byggjast rundt 130 leilegheiter.

– Me skal prøve å ta omsyn til dei særeigne tilhøva i Sogndal, som siktlinje, bygningane rundt og plasseringa til sjøen. Eg håpar det vil sette Sogndal på kartet. Det blir på ein måte ein ny skyline. Oslo har sin Barcode. Sogndal får Lerum Brygge, sa Pål Aglen, regionssjef i Veidekke Eiendom, til NRK i 2016 .