Hopp til innhold

Klare til kamp – og tivoli, disko og jenter

KAUPANGER (NRK): For Ørsta sitt G14-lag og dei 4000 andre gutane og jentene som er med på Lerum Cup i helga er det ikkje berre fotball som er viktig.

Ørsta G14

SUNNMØRSK KAMPROP: Kaptein Ådne Aarflot Sundnes (bak, t.v.), trenar Grete Flåskjer og resten av Ørsta G14 er klare for Lerum Cup

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me skal ha det gøy, dansa på diskoteket – og å sjå på jentene, smiler Ådne Aarflot Sundnes, kaptein på Ørsta sitt G14-lag.

Saman med lagkameratane varmar han opp føre opningskampen mot Øystese. Tenåringane har kjent det i magen dei siste dagane før Lerum Cup.

– Me har vore spente – og gleda oss.

Askøy-supporterar på Lerum Cup
Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tivoli og disko

– Kom igjen, berre få praten i gang!

Grete Flåskjer kveikjer gutane ho er trenar for. Laget har køyrt frå Sunnmøre til Sogn for å vera med i fotballturneringa som i år samlar 4000 fotballglade jenter og gutar. Ørsta-trenaren har forhåpningar før opningskampen.

– Me vann 2. divisjonsserien heime og har meldt oss opp til 1. divisjon til hausten, så me har ambisjonar.

– Korleis merkar du på karane at det ikkje berre handlar om fotball?

– Då me kom til Sogndal i går kveld, var spenninga til å ta på. Karane var høgt oppe. Dei ser fram til tivoli, disko og mykje anna som skjer. Det er jo halve stasen med ei slik turnering.

Ringjer gamlesjefen

Også for den nye turneringsleiaren Tommy Øren er det heilt andre minne enn det som skjedde utpå fotballbana som har festa seg.

Tommy Øren

DEN NYE CUPGENERALEN: Tidlegare Sogndal og Hamkam-spiss Tommy Øren har teke som turneringsleiar for Lerum Cup.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg hugsar det sosiale med kompisane, sjekkinga av jentene, og nervøsiteten før kampen byrja. Derimot minnest eg ikkje eit einaste resultat frå dei cupane eg var med på.

Øren har i år teke over turneringsansvaret etter Svein Olav Haugen, som leia det som i dag heiter Lerum Cup i nesten 25 år.

– Det kjennest tøft, og eg kjenner at det er noko spesielt. Men apparatet rundt – alle dei frivillige – er heilt fantastiske. Svein Olav og kona har vore til stor hjelp. Hadde ikkje Svein Olav vore her, hadde eg fått problem. Det er han eg ringjer når det er trøbbel, smiler Øren.

– Eit privilegium

– Det kjennest på mange måtar godt – men òg vemodig.

Slik skildrar den røynde cupgeneralen Svein Olav Haugen det å gi frå seg ansvaret for turneringa.

Svein Olav Haugen

MØNSTRAR AV ETTER NESTEN 25 ÅR: – Å driva Lerum Cup i denne bygda har vore eit privilegium, seier den avtroppande cupleiar Svein Olav Haugen.

På dei åra Haugen har styrt, har Lerum Cup vakse frå knappe 40 til i dag 300 lag. Det betyr viktige inntekter for både Sogndal Fotball, medarrangørklubbane og næringslivet.

– Som eit døme: For Sogningen Storsenter er denne veka nesten betre enn førjulsvekene. Det seier litt, fortel Haugen, som skildrar arbeidet med Lerum Cup slik:

– Jobben har vore fantastisk. Å driva dette i denne bygda har vore eit privilegium. Når det har nærma seg turneringsstart, har mange frivillige stoppa meg og spurt om ikkje dei skal få vera med på Lerum Cup. Dei har planlagt ferien sin for å kunna arbeida dugnad denne helga.

Sjølv om Haugen ikkje lenger har turneringsansvaret, skal han like fullt styra cupkampane på Hafslo frå morgon til kveld:

– I nesten 35 timar skal eg sitja med mikrofonen og fløyta i munnen. Og det skal bli kjekt.