Hopp til innhold

Lensmannskontor kan forsvinne allereie til neste år

Allereie neste år kan fleire av dei 22 lensmannskontora i fylket bli lagde ned i samband med politireforma.

Kjetil Drange

UROA: Kjetil Drange, leiar i Politiets Fellesforbund i fylket, ser med uro på at fleire lensmannskontor i fylket kan forsvinne allereie til neste år.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Politireforma inneber også samanslåing av politidistrikta i Hordaland og Sogn og Fjordane. Kjetil Drange, leiar i Politiets Fellesforbund i fylket, er uroa.

– Det skjer fort, seier han.

– Blir ei belastning for dei tilsette

Regjeringspartia, saman med KrF, Venstre og Arbeidarpartiet, vart sist søndag samde om politireforma, ei reform som fører til at Sogn og Fjordane politidistrikt snart er historie.

I staden blir det politiregion Vest med hovudkontor i Bergen. Reforma legg også opp til mange av dei små lensmannskontora kringom i Distrikts-Norge blir lagde ned.

Sjølv om Kjetil Drange er uroa, meiner han det er ikkje tener nokon viss dei vedtekne endringane dreg ut i tid.

– Problemet viss det dryger for lenge er at det blir ei pågåande belastning for dei tilsette. Men på den andre sida er det viktig at det ikkje skjer for fort, det må vere gode prosessar undervegs, seier han.

Håpar på framleis godt nærpoliti

Lensmann i Fjaler og Askvoll, Åge Løseth, meiner det er greitt at omstruktureringa skjer raskt, berre det blir gjort på ein måte som held oppe politikrafta ute i distrikta.

Lensmann Åge Løseth

TRENG NÆRPOLITI: Lensmann i Fjaler og Askvoll, Åge Løseth, håpar politikrafta ute i distrikta blir heldt oppe.

Foto: Sondre Dalaker

– Vi må legge til grunn at ein tek den tida som trengst. Det som er viktig for oss i distriktet i framtida, er at prosessane endar opp slik politikarane lovar. Nemleg at vi framleis vil få ein god og sikker nærberedskap og ein god nærpolitimodell, seier han.