Hopp til innhold

Avsluttar etterforskinga, men sit framleis att med spørsmål

Regionlensmann Arne Johannessen trur ein aldri fullt og heilt vil få svar på kva som skjedde med Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Arne Johannessen

AVSLUTTAR ETTERFORSKINGA: Regionlensmann Arne Johannessen har avslutta etterforskinga i Veronica-saka, og vil no sende saka vidare til påtaleansvarleg.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Politiet reknar Veronica-saka i Sogndal som ferdig etterforska.

– Eg er redd for at vi ikkje får alle dei svara som vi ønskjer, og som ikkje minst familien ønskjer, seier Johannessen.

Har nyleg avslutta etterforskinga

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet forsvann sporlaust frå heimen sin i Årøy i Sogndal 25. oktober, og vart funnen omkomen i strandkanten i Sogndal 14. november.

Ein person har framleis status som sikta for å ha utsett Stegegjerdet for vald kort tid før ho forsvann frå heimen sin i Årøyane.

– Det blir ikkje ei endring i status for den sikta før påtaleansvarleg får saka til endeleg vurdering, seier Johannesen.

Fram til nyleg har det blitt gjennomført nye etterforskingssteg, men no ser politiet på saka som ferdig.

– Det har blitt gjort nye avhøyr og gjennomgang av analyserapportar som vi har fått ifrå andre instansar, seier Johannessen.

– Det er beklageleg

Neste steg for politiet er å sende saka til påtaleansvarleg.

– Dei tek saka vidare og gjer sine vurderingar om kva som skal bli utfallet, seier regionlensmannen.

Johannesen meiner det er beklageleg at ein ikkje har fått svar på alle dei spørsmål som ein har.

– Slik som saka står no så har vi ikkje eit svar med to strek under. Vi er no inne i siste fase og håpet mitt er at vi skal sende saka vidare innan 1. juli, seier han.

Sjå hendingsgangen i Veronica-saka her