Hopp til innhold

Lensmannen brende ned nabohytta

Han skulle berre brenne opp ei falleferdig hytte, men lensmannen var maks uheldig...

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

NABOHYTTA TOK FYR: Lensmann Tormod Hvattum ringde sjølv og beklaga overfor eigarane at nabohytta brann opp.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Dette var grådig leit, seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord til Fjordenes Tidende.

Nettavisa skriv at lensmannen var maks uheldig, då han måndag kveld skulle brenne opp ei gammal og falleferdig hytte som han eig saman med kona på Maurstadeidet.

Dessverre spreidde gneistane seg til ei anna hytte, som låg nokre titals meter unna. I løpet av minutt skal nabohytta ha vore overtent.

Lensmannen vart hjelpelaust vitne til at hytta brann ned til grunnen. Han ringde sjølv eigarane av hytta som gjekk tapt og beklaga seg.

– Denne hytta var halde ved like og var i bra stand. Eigarane var sjølvsagt leie seg for at den hadde brunne opp, seier Hvattum til Fjordenes Tidende.

Politimeisteren i Sogn og Fjordane vart tysdag orientert om det som skjedde. Alle slike brannar skal etterforskast, men sidan Hvattum er regionlensmann i Nordfjord er alle politiet sine folk i regionen ugilde.

Kven som skal etterforske brannen er no opp til statsadvokaten å avgjere. Ifølgje Fjordenes Tidende skal lensmannen ha hatt løyve frå brannmeisteren til å setje fyr på hytta han eigentleg ville fjerne.