Hopp til innhold

Lensmann kjendis på cannabis

Eit intervju gjort for fem år sidan har gjort lensmann Kjell Fonn i Førde kjend over det ganske land.

Kjell Fonn
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det var i samband med eit intervju at Fonn prøvde seg på ordet som skulle vise seg umogleg å uttale: Cannabis.

- Det ville seg berre ikkje. I dag må eg berre le av det. Og eg tykkjer sjølv at det gjev ein god latter, ler Fonn.

- Cannibas, Canni, Cannisk...

For lensmannen gjorde fleire forsøk på å uttale ordet. Det vart "cannisk", "cannibas", "canni" og "canniba". Til slutt gav han opp og avrunda intervjuet på denne måten:

- Dette stokka seg skikkeleg. Eg har ikkje ete av plantane.

 I ettertid har intervjuet blitt liggande i arkivet til NRK Sogn og Fjordane, til Ole Johannes Øvretveit pussa støv av det og nytta det til Radio Røysi . Dermed byrja snøballen å rulle.

Antonsen og Golden

Programmet vart lagt ut på internett og flirefulle lyttarar tipsa vidare Atle Antonsen og Johan Golden i programmet Kommisjonen på Kanal 24. Radarparet fall pladask for intervjuet og Antonsen skildra det som "ikkje mindre enn nydeleg".

- Det må eg ta som ei kvalitetserklæring, ler Fonn.

- Berre moro

Sidan har intervjuet gått sin sigersdans frå innboks til innboks i det ganske land.

- Det har også enda opp i min innboks. Eg har fleire kollegaer kring om i landet som har høyrt opptaket og sendt meg epost, ler han og tykkjer det heile er berre moro og gledeleg prøver seg igjen på å uttale ordet "cannabis".

HØYR: Klarer Fonn å uttale cannabis?