Hopp til innhold

Denne gjengen dikta seg til Malakoff

NORDFJORDEID (NRK): Det såg lenge mørkt ut for vennegjengen til Lene Sunde Leirvåg under årets Malakoff. Dei stod utan partyteltplass og felles samlingsstad, men eit dikt skulle løyse det heile.

Dikt Malakoff

FEKK TELTPLASS GRUNNA DIKT: Då gjengen oppdaga at dei ikkje hadde teltplass, tok dei i bruk ein utradisjonell metode.

Foto: Lene Sunde Leirvåg

– Vi var veldig fortvilte og såg mørkt på det. Vi måtte ha ein plass der vennegjengen kunne vere saman, seier Lene Sunde Leirvåg.

Heilt sidan første året av Malakoff har vennegjengen til Sunde Leirvåg frå Sandane samla seg under Malakoff. Det heile har utvikla seg til ein fast tradisjon under namnet Klovner i Camp. Dei siste åra har gjengen kjøpt billett til partyteltplass for å få plass til alle saman, men misforståingar gjorde at dei lenge stod utan billett.

– Heile greia er basert på misforståingar. Alle trudde at nokon i vennegjengen hadde ordna billett til oss, men det viste seg at det ikkje stemde, fortel Sunde Leirvåg.

Malakoff 2016
Foto: Øystein Torheim

Då Sunde Leirvåg og resten av Klovner i Camp oppdaga det heile, var alle billettane til partyteltplassane seld.

Dikta seg til billett

Fleire gonger etterlyste vennegjengen etter ledige billettar på Facebook og andre stader,

Lene diktar

DIKTAREN: Lene Sunde Leirvåg fiksa teltplass til heile gjengen ved hjelp av dikt. Her poserar ho som ein ekte Malakoff-rockar!

Foto: Lene Sunde Leirvåg

men utan hell. Lene Sunde Leirvåg tok ansvar og laga til eit dikt som ho la ut på Facebook.

– Eg var inspirert av ei venninne som opplevde det same under Vinjerock. Ho skreiv eit dikt for å få billett, så då måtte eg nesten prøve på det same. Ein samlingsstad under Malakoff er veldig viktig for oss, så vi måtte forsøke alt.

16. juni la Sunde Leirvåg ut dette diktet på Malakoff 2016 sitt arrangement på Facebook:

I ti år har Malakoff vore staden der vi samla alle i troppen.
Nokre år har det vore så mykje sol at vi bada for å kjøle ned kroppen,
andre år har det regna så mykje at vi har lurt på kven som drog ut proppen!
Kvart einaste år har vi i Klovner i Camp fått nye venner,
på natta pakka vi oss inn i tepper for å ikkje hakke tenner.

Men i år er stemninga hjå Klovnar i Camp ganske laber,
dette er fordi vi ingen partyteltbillett innehaver.
Dykk må ikkje tru vi er gal,
men utan partytelt ser festivalen ut til å verte ganske skral.
FRYKT EI! Det fins ei løysing på vår fortvilte situasjon!
Har DU eller nokon du kjenner ein partyteltbillett til overs hadde det vore heilt KANON!
Ikkje ver redd for å ta kontakt,
håpar nokon kan hjelpe slik at vi atter ein gong kan smile i klovnedrakt..

Plutseleg melde det seg ein seljar som hadde ein partyteltplass til overs.

– Eg måtte juble då seljaren melde seg, for då var Malakoff redda for Klovner i Camp, seier Sunde Leirvåg.

Brukte gaffateip

Vennegjengen frå Sandane er ekte veteranar på campinga under Malakoff.

– Tradisjonen med partytelt er viktig for oss. Det er der vi samlast år etter år i alt slags vêr, fortel Sunde Leirvåg.

Dei har opplevd alt frå storm til sol på festivalen, og eitt år blåste plutseleg partyteltet vekk.

– Teltet forsvann med vinden. Vi måtte spørje folk om dei hadde sett eit partytelt som blåste forbi. Nokon hadde funne det og lagt det i søppelet. Vi tok det opp og teipa det saman med litt gaffateip, smiler Sunde Leirvåg.

Med partyteltplass ligg alt til rette for at årets Malakoff skal bli like bra som tidlegare år for Klovner i Camp. Sunde Leirvåg ser fram til tid med vennegjengen og andre kjende frå fylket.

– No får vi samla alle saman på ein plass. Malakoff er plassen for å treffe kjentfolk. Her brukar eg ofte ein time på veg til toalettet, for ein treff så mange kjende, avsluttar Sunde Leirvåg.