NRK Meny
Normal

Lempar på krav til basen i Florø

Det skal bli enklare for Fjord Base å utvide i Florø etter at Bystyret vedtok å lempe på krava sine.

FJORD BASE - FLORØ

ENKLARE: Utvidinga av Fjord Base har ikkje vore enkelt. No har Flora kommune bestemt seg for å lempe på krava.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Eg er veldig glad for at politikarane tok det signalet og eit bortimot samrøystes bystyre var villige til å lempe på rekkefølgekrava, seier Lars Terje Standal, hovudtillitsvalt i Industri Energi ved Fjord Base.

Terje Standal

NØGD: Lars Terje Sandal er glad for at politikarane har teke signalet og vil lempe på rekkefølgekravet.

Foto: Simon Solheim / NRK

Vedtaket han snakkar om er det omstridde rekkefølgekravet, som er ein del av Flora-landet Nord-planen.

– Nye tider treng nye tankar. Dei vedtaka som vart gjort då oljeprisen var høg og alle piler peikte oppover, må ein sjå om att på når ein har vore gjennom nedturen som oljeindustrien har hatt det siste året, seier Standal.

Omstridde rekkefølgekrav

Rekkefølgekravet handlar om at den som bygger vestover frå basen, Fjord Base, forpliktar seg til å skaffe ein vegtilgang til Rota, ei øy utanfor Florø sentrum, som er ein del av området Fjord Base vil utvide til.

I utgangspunktet var rekkefølgekrava veldig strenge ettersom mesteparten av kostnaden vart lagd på utbyggar, seier Hanne Kristensen (H), leiar i plan- og miljøutvalet i kommunen.

I tillegg måtte vegen kome før utvidinga av basen, derav rekkefølgekrava.

Kommunen ved rådmann har tidlegare gått med på å utsette kravet til 2025, men Oddgeir Igland ved Fjord Base meiner ifølge Firdaposten at dette ikkje er nok. Han seier at om han må ut med over 100 millionar til dette, er utbygging urealistisk slik situasjonen er no.

Jamnare fordeling av kostnader

Tysdag handsama bystyret søknaden om dispensasjon på nytt. I staden for å sette ei tidsgrense, vert utbygginga av vegen til Rota no avhengig av ein framtidig reguleringsplan for øya, slik at ein sikrar seg at det er eit faktisk behov for ein veg ut dit.

Dyrlege Hanne H. Kristensen er opprørt etter at nokon har skote ein katt.

LEMPAR PÅ KRAVA: Hanne Kristensen meiner at å få ein reguleringsplass på plass for Rota er viktig for å kunne fordele kostnadane jamnare.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Det sikrar at ein ikkje krev noko av utbyggar som ikkje vert bruk for. I tillegg er ei kostnadsdeling av vegen mogeleg, noko som er vanleg i slike saker. Når ein no ventar til reguleringa er ferdig og veit at det er nokon i den andre enden som skal bruke vegen, så må dei også betale, seier Kristensen.

Leiinga ved Fjord Base har endå ikkje teke stilling til vedtaket og vil difor førebels ikkje kommentere saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.