Hopp til innhold

Leitte etter to vogntog, men fann berre eitt

Politiet drog ut for å leite etter to vogntog med problem på riksveg 5. Men fann berre eitt.

Riksveg 5 Bøyadalen
Foto: webkamera / Statens vegvesen

– Vi kjenner ikkje nøyaktig til detaljane, men om lag 100 meter frå Fjærlandstunnelen i retning Fjærland står eit vogntog som har problem, sa operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen til NRK like etter klokka 12.

Politiet hadde også fått melding om at det stod fast eit vogntog i Lundebakken, på andre sidan av Fjærlandstunnelen, omtrent på same tid.

Fann vogntog på Sunnfjord-sida

Ei patrulje frå politiet i Sogndal vart send ut, men klarte ikkje å finne noko vogntog i Fjærland.

Men i Lundebakken, inst i Kjøsnesfjorden, kom dei til slutt over eit vogntog som hadde trøbbel.

– Politi og Vegvesen har hjelpt sjåføren til å leggje på kjettingar, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Marianne Føleide.

– Grundig opplæring

Klokka 17.00 melder politiet at vogntoget er følgt til Sogndal trafikkstasjon for kontroll.

– Utanlandsk førar fekk der grundig opplæring i bruk av kjettingar, skriv politiet på Twitter.