Hopp til innhold

Politiet etterlyser Per-Arne Hestenes (35) - har vore sakna sidan laurdag

Politiet oppmodar no folk om å sjå etter i uthus og løer. Dei ønsker alle tips dei kan få i leitinga etter den sakna 35-åringen.

Per-Arne Hestenes er sakna i Gloppen

SAKNA: Per-Arne Hestenes (35) er sakna i Gloppen. Ingen har sett han sidan laurdag i førre veke, og politiet går no ut med namn og bilete i håp om å få inn tips frå publikum.

Foto: NRK/Privat

Den 35 år gamle mannen har vore sakna sidan eit trafikkuhell natt til laurdag i førre veke. Politiet går no ut med namn og bilete av Hestenes i håp om å få tips frå publikum.

Hestenes vart sist sett ved Øvresettkrysset i Breim natt til laurdag 8. november rundt klokka 01.30. Ingen har sett han sidan då.

SJÅ VIDEO: Leitemannskap har fredag søkt over delar av Breim i søket etter den sakna Per-Arne Hestenes

I Gloppen har store letemannskaper i dag lett etter 35 år gamle Per-Arne Hestenes. Han har vært savnet siden et trafikkuhell sist helg. Da politiet kom til stedet hadde han forlatt bilen. De fikk kontakt med han på telefon men siden har ingen sett han.

Hestenes er 174 cm høg. Det er ikkje kjent korleis han var kledd då han vart borte. Politiet ønsker alle tips dei kan få i det dei no etterforskar som ei forsvinningssak.

Politiet oppmodar folk om å sjå etter i uthus og løer.

Per-Arne Hestenes (35) er etterlyst
Foto: Privat

Snakka med han på laurdag

– I dag har vi starta opp klokka ni med eit søk i Breim, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Politiet får hjelp frå eit tjuetals leitekorps frå Raude Kors til å leite etter ein mann i trettiåra. Mannen har vore sakna etter eit trafikkuhell natt til laurdag. Ingen har sett han sidan da.

Politiet fekk melding om utforkøyringa ved Øvreset-svingen som er på veg mot Utvikfjellet, klokka eitt natt til laurdag 8. november. Då politiet kom til staden var bilen forlaten

Politiet fekk etter kvart kontakt med den eine av dei to mennene som var med i bilen, som vart teken inn for blodprøve. No leiter dei etter den andre mannen, som dei berre var i kontakt med per telefon.

– Vi snakka med han på laurdag, og han sa at alt var vel, men han ville ikkje gje seg til kjenne.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

BER OM TIPS: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, ber no om alle tips dei kan få i det dei no etterforskar som ei forsvinningssak.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ønsker hjelp frå publikum

Lensmannen seier at dei ikkje veit kor mannen kan vere no, og derfor skal om lag 20 personar frå Raude Kors altså gå manngard og gjere eit systematisk søk i heile dag.

Roset opplyser at dei leiter ifrå Byrkjelo, rundt Øvreset-krysset, og i området mellom Øvrebygda og E39.

– Kva veit de om kor han kan vere hen?

– Det siste vi veit er at han har bevega seg i retning Reed, og han var gåande ifrå staden der trafikkuhellet skjedde førre laurdag. Han var i god form i det han forlèt plassen der oppe. Sidan da har ingen sett noko til han, opplyser Roset.

– Kva hjelp ønsker de frå publikum?

– Det vi er ute etter er om nokon har gjort observasjonar av ein person i området der oppe slik at det kunne vere verdt å tipse oss. Det er berre å gje beskjed uansett kva ein har sett eller tenkt om det her. Vi treng alle dei tipsa vi kan få.

Mannen er i trettiåra, er 174 centimeter, og har middels kroppsbygging, men har elles ikkje nokre spesielle kjenneteikn, opplyser politiet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Raude Kors skal gå manngard i Gloppen

MANNGARD: Raude Kors skal gå manngard i området rundt Øvreset-krysset, og mellom Øvrebygda og E39.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Inga haldepunkt for kor han er

Saka etterforskast no som ei forsvinningssak, og lensmannen seier at dei førebels ikkje har nokre teoriar om kva som kan ha skjedd eller kor mannen kan opphalde seg.

– De har også snakka med nettverket til mannen og familien hans. Kva seier dei?

– Dei har inga haldepunkt for kor han er. Han er rett og slett vekke, både for oss og for dei, så dei veit heller ikkje kor han er.

gloppen