NRK Meny
Normal

Leitemannskapa får gå inn i området

I samråd med geolog har politiet konkludert med at det no er tilstrekkeleg trygt å sende leitemannskap inn i rasområdet der to personar er sakna i Balestrand.

Leitemannskap i Balestrand

MOBILISERER: Sivilforsvaret og Røde Kors stiller mannsterke i søket etter dei to sakna

Foto: Steinar Lote / NRK

Raset i Balestrand

RÅDLSAG: Ulike faginstansar var samla for å vente på geologen sin konklusjon.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dei to, eit sambuarpar i slutten av 50-åra, har vore sakna sidan måndag kveld. Eit stor skred feide med seg bustadhuset deira i Tuftadalen vest for Balestrand sentrum.

Grunna stor rasfare har politiet ikkje ville sende leitemannskap inn i sjølverasområdet før ein geolog hadde vurdert faren.

Framleis stor rasfare

Geolog Svein Helge Frækaland frå Statens vegvesen har no vore på synfaring over rasfaren i helikopter.

– Han seier det er bra at det har slutta å regne. Det lettar arbeidet monaleg. Men det ligg framleis snø og jordmassar igjen i fjellsida, og han vurderer faren for ras som framleis stor, fortel NRK-reporter Siri Kleiven Strøm.

LES OGSÅ:

På bakgrunn av geologen si tilråding blir dei første leitemannskapa frå politi, Røde Kors (mellom anna ei alpin redningsgruppe, og Norske Redningshunder no sendt inn i sjølve rasområdet der eit 1,5 kilometer lang skred har sopt med seg det meste på sin veg i ei breidde på 50 meter ned Tuftadalen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Raset i Balestrand

STENGJER VEGEN: Slik ser fylkesveg 55 mellom Høyanger og Balestrand ut måndag føremiddag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Politiet set opp lyttepostar

– Men det har demt seg opp så store mengder vatn øvst i dalen og politiet vil setje opp to lyttepostar langs elva for å sikre seg at det er trygt, fortel Kleiven Strøm.

Viss vassføringa i elva minkar, kan det tyde på at elva proppar seg. Då må mannskapa trekkast ut av området, fortel NRK-reporteren.

Leitemannskap i Balestrand

PÅ VEG INN: Leitemannskapa starta søket i 11-tida tysdag.

Foto: Steinar Lote / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast