Hopp til innhold

Leiteaksjonen i Flora avslutta

Politiet i Flora sette i gang ein leiteaksjon etter at det like etter klokka sju vart høyrt rop om hjelp i området ved Gaddholmen.

Leiteaksjon i Florø

SØK: Folk har i morgontimane høyrt rop om hjelp frå området mot Gaddholmen i Flora.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Ut ifrå denne meldinga er det sett i gang søk i området, seier Inge Værøy som er operasjonsleiar i Vest Politidistrikt i Florø.

Dei som høyrde ropa var på veg ut mot Gaddholmen To båtar og eit redningshelikopter deltek i søket. Så langt er ingen meldt sakna i området.

– Vi oppmodar no folk om å ta kontakt dersom dei ikkje får kontakt med folk som dei veit skulle vere i dette området rundt klokka 0700, seier Værøy.

Når det lysnar av dag vert det og tatt stilling til om ein skal utvide leitinga, og eventuelt også sette i gang strandsøk.

Klokka 07:30 melder politiet at aksjonen er avblåst. Det synte seg å vere ein mann som hadde falle mellom ein lekter og ein båt i Florø, som hadde ropt om hjelp.

Laster Twitter-innhold
leiteaksjon1