15-åring kom til rette etter leiteaksjon i Luster

Leiteaksjon etter 15-åring og fulle tenåringar som måtte køyrast heim av politiet. Slik var politinatta.

Politibil - illustrasjon

MYKJE FULLE UNGDOMMAR: Politiet har hatt hendene fulle med å køyre overstadig rusa ungdommar heim natt til søndag.

Foto: Illustrasjonsfoto

Ein gut i tenåra vart meld sakna frå heimen sin i Luster klokka 00.15 i natt. Røde Kors og politiet sette i gang søk etter guten etter at ingen hadde hatt kontakt med han etter klokka 21.30. Guten vart funnen etter fem timar i Hafslo sentrum, uskada. Han vart likevel sjekka av helsepersonell.

Privatfest ute av kontroll

På ein privatfest på Brulandsvellene i Førde hadde rundt 90 ungdommar samla seg til fest. Men politiet stoppa festen då det var mange mindreårige rusa personar på festen.

I 02.43-tida stoppa politiet ein 18-åring etter sladding i Storehagen. Mannen hadde førarkortet på prøve, men det vart beslaglagt og det vert oppretta sak.

Ein rusa mann i 30-åra nekta å fjerne seg frå ein utestad i Førde. Politiet tok hand om mannen og køyrde han heim. Ein person vart også slått til ved ein utestad i Førde. Situasjonen roa seg då politiet kom til staden. Den fornærma vil melde saka, opplyser politiet.

Sov i sentrum

I Stryn stoppa politiet ein bilførar – ei kvinne i 30-åra – i Loen. Kvinna er mistenkt for å køyre bil i rusa tilstand. Det vart teke blodprøve, og det vert oppretta sak mot kvinna.

I Florø vart ein mann meld for å ha urinert på offentleg stad i Strandgata. Nokre timar seinare måtte politiet ta hand om ein rusa mann i slutten av tenåra, og køyre vedkommande heim. Ein annan tenåring vart funnen sovande i sentrum av politiet. Han vart også køyrt heim av politiet.

Ein gjest nekta å forlate ein utestad i Gloppen og politiet måtte tilkallast. Mannen i 30-åra vart køyrt heim av venner etter at politiet kom til staden.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.