Redningsskøytene Halfdan Grieg og Emmy Dyvi, samt redningshelikopter frå Florø har søkt sidan i natt utan å finne spor.
I 12-tida vart eit kystvaktfly sett inn i søket, og kystvaktskipet KV Bergen er venta framme søndag kveld.
– Vi har framleis ingen rapportar om funn, og heller ikkje meldingar om sakna båtar. Dess lenger tid vi søker utan funn, jo større grunn er det til å tenkje at det handlar om misbruk av pyroteknisk, seier Bjørn Jarle Åmlid ved Hovudredningssentralen på Sola (HRS).
Held fram søket
Grunna røffe forhold i søkeområdet og behov for søvn etter mange timar med søk, fekk redningsskøytene gå til land i 13-tida.
Også redningshelikopteret har returnert til Florø.
– Men vi har ein supplybåt, Havila Venus, og ein orion frå kystvakta som held fram søket i området. Flyet har lang rekkjevidd og førebels ser vi føre oss at dei skal halde fram søket i to-tre timar til før vi tek ei ny vurdering og eventuelt trappar ned, seier Åmlid.
Så langt er det søkt igjennom tre område på totalt 4 000 kvadratkilometer. Det største område er på 3 100 kvadratkilometer.
– I tillegg vurderer vi å søke gjennom eit fjerde område som også er kring 3 000 kvadratkilometer, seier Åmlid.
Ingen grunn til tvil
Det var frakteskipet «Wilson Grimsby» som like før klokka 04 gjorde observasjonen på veg sørover langs kysten. Båten melde frå om observasjonen og gjekk rett mot området rakettane var observert.
Redningsskøytene, redningshelikopter og fleire sivile båtar slutta seg til søket. Etter vel tre timar flytta ein søkeområdet lenger vest i havet.
HRS har ingen grunn til å tvile på observasjonane og Åmlid seier observasjonen var av eit klassisk eksempel på korleis ein sender opp naudrakettar.
– I den grad vi har noko teori, så tenkjer vi at det kan vere eit fritidsfartøy som har fått problem. Større fartøy har mykje kommunikasjonsutstyr og det er veldig sjeldan dei ikkje får sendt naudmelding på radio, seier Åmlid.
HRS har vore i kontakt med fleire båtar som var i det aktuelle tidsrommet utan at dei har kunne kaste lys over naudraketten.
– Utfordrande søk
Sivile fartøy som seglar langs kysten blir bedne om å halde utkikk. Åmlid opplyser at det i natt var gode søkeforhold med relativt lite sjø.
I løpet av føremiddagen søndag har det blåst opp og blitt noko dårlegare vêr.
– Det er litt utfordrande søkeforhold. Bølgjene er tre-fire meter høge og vi har litt overvatn. Elles er det klart vêr, sa styrmann Håvard Karlsen om bord på redningsskøyta Halfdan Grieg til NRK i 10-tida.
Saka blir oppdatert.