NRK Meny
Normal

Helikopter fann person med brotne bein

Ein person er funnen med to brotne bein i nærleiken av Medalsbu i Breidalen i Luster.

Laster kart, vennligst vent...

UTLØYST: Ein større leiteaksjon vart sett i gang i Luster i ettermiddag etter at ein naudpeilesendar vart utløyst i Breidalen.

Personen vart funnen av eit redningshelikopter like over klokka 1630.

– Vi veit ingenting om kva som har skjedd vedkommande, men ventar ytterlegare tilbakemelding, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt i Florø.

Breheimen

Det var i 15-tida at politiet fekk melding om ein naudpeilesendar som var utløyst i området. Breidalen ligg på kring 1 300 meters høgdei Breheimen.

Medalsbu ligg på den T-merka ruta mellom Nørdstedalseter og Trulsbu. I 1730-tida opplyser politiet at den skadde er berga ned og sendt til sjukehuset i Førde.

Politi, luftambulanse, rednignshelikopter og Røde Kors medverka i leiteaksjonen.

– Vi har sendt inn patrulje med Røde Kors frå Skjåk, Lom, frå Sognefjellssida og frå Luster og leiter no i området der naudpeilesendaren er løyst ut, opplyste Gulliksen til NRK i 16-tida.

Utløyst fysisk

På det tidspunktet var det uvisst om nokon var i naud, men naudpeilesendaren var utløyst fysisk.

– Vi har sett i gang ein leiteaksjon utan at vi veit om folk verkeleg er i naud eller kva naud dei er i. Det vi veit er at nokon har løyst den ut fysisk, så no er vi på leit, sa Gulliksen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.