Hopp til innhold

Leiteaksjon i Førde

Politiet leitar etter ei kvinne i 30-åra i Førde og ønsker tips frå publikum.

Leiteaksjon i Førde

FLYR LÅGT: Eit ambulansehelikopter flyr lågt i Førde og leitar etter jenta.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

  • Saka blir oppdatert.

SISTE: Det har vore leita i natt, utan resultat. I morgontimane blir leitinga trappa opp, med full styrke frå klokka ni, opplyser politiet.

Ein luftambulanse flaug lågt over Førde sentrum og leita etter kvinna seint onsdag kveld.

– Vi held på heile natta, men vurderer å halde mannskapet på eit minimumsnivå i natt og vente på dagslyset, Ole Tom Nord i politiet.

Ho forsvann frå bustaden sin i 15-tida onsdag og det var sambuaren som melde henne sakna til politiet. Ho er 165–170 cm høg og har langt svart hår. Ho hadde på seg svart jakke, kvit bukse og er kraftig bygd, seier politiet.

– Om nokon har sett noko til henne, så tips oss på 02800, seier Ole Tom Nord.

Leiteaksjon i Førde