NRK Meny
Normal

Ungdomane gjekk i land, båtane dreiv vidare

Dei to ungdomane politiet frykta hadde hamna i elva Jølstra er funne i god behald.

Omfattande leiteaksjon i Jølstra etter to ungdomar var sakna. Naudetatane frykta dei var hamna på elva, etter at båten deira vart funnen drivande ned elva.

Store styrkar var med i søket etter dei to ungdomane. Politiet frykta det verste, men heldigvis vart dei to funne i god behald. Reporter: Geir Bjarte Hjetland. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

– Alt står bra til med dei, stadfestar operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Politiets operasjonssentral i Florø til NRK.no klokka 20.25

Politiet fekk meldinga rundt klokka 19.30 laurdag kveld. Leiteaksjonen fokuserte på elva Jølstra som renn gjennom Førde sentrum.

Frykta det verste

– Vi har fått melding om to tomme plastbåtar eller gummibåtar som driv ned elva. Det vart tidlegare observert to ungdomar i båtane, sa Solvåg til NRK.no klokka 20.00.

Politi, brannvesen, helsepersonell, redningsdykkarar, luftambulansen og raudekrossen bidrog alle i det omfattande søket.

– Vi fryktar det verste, sa Solvåg.

Leiteaksjon Førde

SØK: Helikopter søkte frå lufta, og brannvesen og redningsdykkarar søkte langs elva i Førde sentrum

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK
Leiteaksjon Førde

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte raskt ut etter meldingane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Alarmsentralen i Florø stadfesta informasjonen. Dei søkte etter to ungdomar dei frykta hadde hamna i elva Jølstra i Førde.

Store styrkar leita etter dei to

Politiet opplyste at båtane vart funne ved brannstasjonen i Førde. Dei to ungdomane vart observerte i båtane 30–45 minutt før båtane vart funne.

NRK sin reporter på staden fortalde at luftambulansen skanna elva, opp og ned.

Mannskap frå redningsdykkarane i Førde var også ute. Dei gjekk langs elva, og bevegde seg frå brannstasjonen og opp mot handelshuset i sentrum.

Brannvesen og ambulanse var også på staden.

Det samla seg mykje folk på staden, mellom anna kameratar av dei som var sakna.

Mannsskapar leita også langs land.

– Dei hadde hatt ein fin tur i elva

Politibetent i Førde og Naustdal, Kjell Bolseth, seier at dei to hadde lagt igjen båtane sine ved elva.

– Vi kom fort i kontakt med dei to involverte, og dei stadfesta at dei hadde ein fin tur i elva før dei gjekk på land, seier han.

Det er uvisst korleis båtane hamna på elva etter ungdomane forlét dei. Politiet har ikkje gjort ei grundig utspørjing av dei to enno.

– Dei er funnen i god behald, og alt står bra til med dei, seier operasjonsleiar Solvåg.

Leiteaksjon Førde
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK


Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå