Hopp til innhold

Leiteaksjon i Florø - sakna mann funnen

Mannen som var sakna i Florø, er no funnen i god behald.

Leiteaksjon i Florø

LEITA: Mannskap frå Røde Kors var med på leitinga etter den sakna mannen.

Foto: Truls Kleiven

– Han er nedkjølt og blir køyrd til legevakt, seier Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Det blei sett i gang leiteaksjon etter at ein mann i 50-åra blei meldt sakna frå Flora sjukeheim i tretida i natt. Han hadde då vore vekke sidan 23-tida i går kveld.

Redningshelikopter og mannskap frå politi og Røde Kors blei kalla ut for å leite etter mannen i området rundt sjukeheimen.

– Mannen blei funnen ikkje så langt ifrå institusjonen han er på. Vi veit enno ikkje kva som har skjedd med han, seier Algerøy.