NRK Meny
Normal

Leiter etter ungdomar som har vore sakna sidan onsdag

Det er no sett i gang ein leiteaksjon etter to ungdomar i Vågsøy som ikkje har vore sett sidan onsdag.

Leiteaksjon langs fylkesveg 618

LEITEAKSJON: Det går føre seg ein storstilt leiteaksjon langs fylkesveg 618 mellom Selje og Vågsøy.

Foto: Inge Skavøypoll

Dei to ungdomane, som begge er i slutten av tenåra, vart sist sett køyrande i ein blå Golf mellom Selje og Vågsøy. Det blir søkt i dette området, melder politiet på Twitter.

Det blir søkt både langs land og på fjorden etter ungdomane. Dei to vart formelt meldt sakna av begge familiar på fredag.

– Dei skulle vise veg til nokon, så vi veit sikkert at dei har vore der oppe. Ein av teoriane er at dei kan ha køyrt av vegen. Det er difor vi konsentrerer oss om fylkesveg 618, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Kronglete veg

Politiet er framleis i varslingsfasen, men Holme seier fire personar frå Røde Kors Hjelpekorps i Måløy deltek i søket. Også Røde Kors Hjelpekorps i Selje og Eid, samt eit redningshelikopter, deltek i søket.

Laster kart, vennligst vent...

FOKUSERER: Politiet konsentrerer søket langs fylkesveg 618. Den 44 kilometer lange køyreturen frå Selje til Allmenningstunnelen tek kring 42 minuttar.

Holme seier ungdomane er heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

– Vegen er smal og kronglete. Den går langs ved sjøkanten. Det er fjell på eine sida og fjord på andre sida, difor må vi vere sikre på at vi har leita nøye nok, seier Holme.

Ynskjer tips

Av omsyn til familien vil ikkje politiet gå ut med verken kjønn eller alder på dei to ungdomane. Men begge er elevar på vidaregåande skule.

– Kva kan ha skjedd med dei?

– Vi veit ikkje noko anna enn at bilen er observert på den vegen. Elles er det ingen informasjon om at nokon har fått kontakt med dei.

Samstundes som leiteaksjonen går føre seg, held politiet fram etterretningsarbeidet.

– Vi har ikkje haldepunkt for å seie at dei kan ha reist andre stadar, men det er noko vi undersøkjer, seier Holme.

Politiet ynskjer tips på 02800 frå publikum som kan ha tips i saka.

Saka blir oppdatert.