Hopp til innhold

Leitar etter to menn i fritidsbåt

To menn i ein fritidsbåt er framleis sakna i Solund. Det har blitt sett inn store ressursar i søket, men torsdag morgon er det framleis ikkje gjort funn. Redningsmannskapet held håpet oppe.

Kystvaktskip gjer søk etter to menn som er sakna etter at ein fritidsbåt gjekk på grunn i Solund

SØKER ETTER SAKNA BÅT: Kystvakta har to skip i området for å gjere søk etter den sakna båten med to menn om bord.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har framleis håp om å finne dei to, seier redningsleiar Ben Wikøren ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til NRK.no like før klokka 07.

Utover morgonen torsdag blir det sett inn stadig fleire ressursar i søket.

Sogn og Fjordane politidistrikt hjelper Hordaland politidistrikt.

– Vi er i gang med å varsle folk som kan gjere strandsøk på Værlandet, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem like før klokka 08.

Det er førebels usikkert kor rakst dei kan komme i gang med eit slikt søk. Værlandet ligg like nord for området på Lågøyna i Solund der mennene varsla at dei var.

Mista kontakten

Dei to i båten melde litt over klokka 20 onsdag kveld at båten tok inn vatn i nærleiken av Lågøyna i Solund.

HRS miste etter kvart kontakten med dei to i båten, og store ressursar vart sette inn i søket. Det har blitt gjort søk gjennom natta til torsdag, men i 07-tida er det framleis ikkje gjort funn.

– Vi gjer det vi kan for å finne nokon, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor ved Hordaland politidistrikt til NRK.no tidleg torsdag morgon.

Måtte gi seg grunna vêret

Etter at HRS fekk naudmeldinga frå dei to i båten sende dei umiddelbart eit redningshelikopter til området. Det var ingen spor etter båten og ytterlegare ressursar vart sette inn.

I tillegg til redningshelikopteret, har også ei redningsskøyte og to kystvaktskip, i tillegg til fleire lokale båtar delteke i søket.

– I løpet av natta har det vore fleire båtar i søk, både to kystvaktskip, redningsskøyta og ein del lokale småbåtar, seier Rebnor ved operasjonssentralen.

– Men på grunn av dårleg vêr, med høge bølgjer og mykje vind har småbåtane måtte gi seg utover natta. Begge kystvaktskipa er framleis i søk no i morgontimane, seier han til NRK.no 05.30.

Båten som er sakna var på veg frå Lågøyna til Ytre Sula. Ifølgje ein samtale med Florø Radio skal båten ha kome seg av grunnen og sette kursen vidare mot Ytre Sula.

Onsdag kveld tok redningsleiinga kontakt med folk som bur i området rundt Lågøyna for å høyre om nokon har sett noko, men dette har førebels ikkje gitt resultat.

(Artikkelen held fram under kartet)

Solund

SAKNA: Ein fritidsbåt med to personar i er sakna i Solund.

Foto: Fylkesatlas

Har ikkje gjort funn – leitar vidare

Det er torsdag morgon ikkje gjort funn etter båten eller dei to mennene som var i den. Dei to skal vere i 40 og 60-åra, men politiet har ikkje opplysningar om kor vidt dei skal vere sjøvande eller ikkje.

– Kva veit dokke om området der båten er sakna?

– Det er eit område med mange småøyer, og der er forholdsvis ope farevatn, så vinden står hardt på.

Sett inn att fleire båtar

Redningsleiar Ben Wikøren ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge seier til NRK.no like før klokka 07 at dei vil setje inn att ein del ressursar når det no lysnar av dag.

– Dette er mellom anna ein ambulansebåt, passasjerbåtar som går i området, sjøredningskorpset og ei redningsskøyte, seier han til NRK.no.

Håpar å finne dei to

Ved operasjonssentralen i Hordaland held dei framleis håpet oppe torsdag morgon.

– Trur de båten har gått ned?

– Det er veldig vanskeleg å seie noko om. Vi tek framleis høgde for at søket skal gje resultat med at vi finn dei sakna. Difor blir det køyrt på med store ressursar, og vi vil halde oppe trykket med ressursar og personell, seier Rebnor.

Wikøren ved Hovudredningssentralen seier dei ikkje veit noko om kva utstyr mennene har hatt i båten, heller ikkje om dei to har hatt overlevingsdrakter på seg.