Hopp til innhold

Tenåring vart etterlyst etter å ha vore på fest

Den tynnkledde mannen i slutten av tenåra hadde forvilla seg vidare til ein ny fest.

politi illustrasjon

LEITEAKSJON: Politiet fekk melding om at den sakna vart funnen klokka 04.23

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Politiet fekk melding frå venner og familie klokka 02.19 om at den unge mannen ikkje var å finne etter å ha vore på fest i Årdal. Då hadde dei allereie leita ei stund sjølve etter mannen.

Dermed vart både Norsk Folkehjelp, Norske Redningshunder og politiet varsla og det vart sett i gang leiteaksjon etter mannen.

– Han var veldig tynnkledd og difor var dei som melde frå uroa for han, seier operasjonsleiar hos Politiet, Olaug Holme.

Etter nokre timar, litt over klokka fire vart mannen funnen. På ein annan fest.

– Han vart funnen i fin form, seier Holme.