NRK Meny
Normal

Sakna varsla sjølv politiet om at han var i god behald

Politiet har avslutta leiteaksjonen etter ein sakna mann i slutten av 50-åra i Førde.

Leiteaksjon i Førde

SØKJER: Politi og Røde Kors søkte søndag kveld etter ein sakna mann i 50-åra i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps og politiet starta leiteaksjonen i 21-tida etter at mannen vart meldt sakna tidlegare på kvelden.

Dei oppmoda folk om å sjå gjennom hagar og uthus etter den sakna. Etter kring to timar fekk dei meldinga dei håpa på.

Det var mannen sjølv som tok kontakt med politiet då han vart klar over at han var sakna. Sjølv forstod han ikkje kvifor han var sakna.

– Den sakna er komen til rette i Førde sentrum. Han var uskadd, og på besøk hos folk han kjende, seier operasjonsleiar Olaug Holme hos Vest Politidistrikt.

Mannen var sist observert mellom klokka 10 og 11 laurdag. Då familien ikkje kom i kontakt med mannen, og heller ikkje vener eller bekjente visste kvar mannen var, starta politiet leiteaksjonen.