NRK Meny
Normal

Sakna mann funnen i god behald

Mannen som var meldt sakna utanfor Fjaler og Askvoll kommunar, vart like før midnatt funnen i god behald.

Det var ein ambulansebåt som fann båten ved ei lita øy vest for Askvoll. Mannen vart funnen på øya.

Klokka 2339 fekk politiet melding om at leiteaksjonen enda godt.

– Båten var fortøgd til land, medan mannen vart funnen på land. Han vart henta av redningshelikopteret, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen vart meldt sakna laurdag kveld, då pårørande ikkje hadde høyrt frå mannen sidan han la ut i båt i ettermiddag. Hovudredningssentralen på Sola koordinerte søket som vart starta like før klokka 20.

To politipatruljar, to redningsskøyter, redningshelikopter og ambulansebåt medverka i søket.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.