Hopp til innhold

Håpar musikken blir godt motteken

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fredag slepte Bård og Vegard Leite sin første singel frå det nye albumet. No er dei spente på mottakinga av musikkvideoen.

Duoen frå Værlandet er begge kjende frå kvart sitt talentprogram på TV, Bård som deltakar i «The Voice» medan Vegard hamna på andreplass i fjorårets sesong av «Idol».

I fjor var dei i Los Angeles for å spele inn plate, og fredag vart den første singelen endeleg slept saman med ein musikkvideo. No er Bård og Vegard spente på responsen.

– Vi er nervevrak begge to. Eg trur det vert endå verre når det går så lang tid før ein slepp det, seier Bård.

Spelt inn i USA

Det nærmar seg no eit år sidan dei to reiste til USA for innspeling, men karane ville heller gjere ting skikkeleg enn å forte seg.

– Det har vore ein lang prosess, sjølvsagt også med innspelinga, men vi har vore litt der at vi ville førebu oss veldig godt før vi gjorde noko som helst, med tanke på å blant anna få på plass eit komplett band, seier Bård.

– I staden for å komme med noko forhasta prøver vi å gjere det gjennomført når vi først skal ut med noko, legg Vegard til.

(Artikkelen held fram under saka)

Bård og Vegard Leite

SPENTE: Onkel Bård (til venstre) og nevø Vegard håpar på god repons på singelen som vart slept fredag.

At plata vart spelt inn i USA var både tilfeldig, men også grunna kontaktar.

– Manageren vår hadde kontakt med ein produsent som heiter Jarl Aanestad, og han har hatt studio i Oslo i mange år. Han hadde lyst å prøve å slå seg fram i USA, og reiste bort dit og inviterte oss bort, fortel Bård.

Plateslepp i april

Med seg i bagasjen hadde han og Vegard elleve låtar som var ferdig arrangert med tekst og melodi. Bård fortel at alt var spelt inn tostemt og på kassegitar, men etter det fekk produsenten frie tøylar.

– Så han har vidareprodusert ganske mykje. Det var ganske spinkelt det vi sende til han, men han har verkeleg fått fram mykje bra i låtane, seier Vegard.

I tida framover kjem det til å gå i mykje øving for musikkduoen. 2. mai skal dei ha sleppkonsert på Parkteatret i Oslo. Deretter går det slag i slag med singelslepp nummer to før 15. april og plateslepp 29. april. Etter det skal dei reise rundt og spele konsertar, også i Sogn og Fjordane. Dei blir derimot ikkje å sjå her i påska som tidlegare.

– Vårt eige arbeid

Både Vegard og Bård er klar over at utan TV-programma med kamera rundt dei til ei kvar tid, vert det mykje meir arbeid på dei. Men det synest dei berre er fint.

– Det vert vel litt meir arbeid frå vår side, men det er utruleg kjekt å få lov å jobbe med noko som er vårt eige. No er det ikkje cover lenger, no kan vi spele vårt eige, seier Vegard.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bård og Vegard Leite

LUTT: Bård og Vegard Leite spelte på Lutt like etter at dei kom att frå plateinnspeling i USA sommaren 2012.

Foto: Pressefoto

Saman med bandet kallar dei seg no for «Leite and the Music Mafia», og det namnet har sin bakgrunn.

– Eg og Vegard er jo Leite, og vi ville heite Leite, og så har vi med oss fire karar til i bandet og det er dei som utgjer the music mafia. Definisjonen på namnet er rett og slett at den verste mafiaen du kjem borti er musikken. Når du først er komme inn i det kjem du aldri ut att. Det er slik karane føler det, dei lever og åndar for musikk, fortel Bård.

No håpar dei inderleg at den første singelen, «Your Eyes», fell i smak hos lyttarane.

– Vi får håpe folk likar den. Vi har lagd sjela i den, seier Vegard.

– Ja, vi er veldig spent, og håpar folk vil like den, og ikkje minst at folk vil kjøpe den på iTunes så vi kjem inn på listene, seier Bård.