Hopp til innhold

Politiet set inn spesialtrente hundar i søket etter sakna mann

Politiet står framleis utan spor etter den polske mannen som er sakna i Stryn.

Leiter etter sakna mann i Stryn med spesialtrente politihundar

SPESIALTRENTE HUNDAR: Politiet har henta inn spesielatrente hundar frå Bergen. Det er ingen spor etter ein sakna mann i Stryn.

Foto: Inge Fænn / Fjordingen

Ein 35 år gammal polsk mann har vore sakna sidan starten av april. Ingen har sett mannen sidan han forsvann frå Sande Camping.

Helikopter, Røde Kors, politiet og Norske Redningshundar har leitt etter mannen i terrenget i Stryn. Dykkarar har også søkt i fjorden, men redningsaksjonen vart avslutta utan funn.

No har politiet henta inn spesialtrente politihundar frå Bergen, og startar leitinga på nytt.

– Vi har tre kriminalettersøkshundar i landet, og dette er to av dei. Dei er spesialtrena for søk etter lik, blod og sæd, fortel dei to politibetjentane frå Bergen til Fjordingen.

Sjølv om dette er kriminalettersøkshundar har ikkje politiet mistanke om noko kriminelt.

– Vi har ingen spor å gå etter, seier politibetjent Lasse Trodahl ved Stryn lensmannskontor.