Leitar framleis med store styrkar

Leiteaksjonane i Florø og Sogndal vart tekne opp att i 09-tida onsdag morgon. Timar seinare har leitinga framleis ikkje gitt resultat.

Innsatsleiaren frå politiet fortel leitemannskapar kvar dei skal fortsetje søket.

LEITEAKSJONAR: Både i Florø og Sogndal blir det ny leiting i dag

Foto: Christian Blom

– Det er framleis ikkje gjort funn og vi held fram, seier operasjonsleiar Per Rimmen hos politiet til NRK.no klokka 14.40.

Han seier søka vil bli trappa ned til natta og starta opp att når det lysnar torsdag.

Bad om hjelp frå frivillige

I Florø avslutta ein like før midnatt natt til onsdag søket etter ein 45-åring som vart sist sett natt til søndag. Like over klokka 03 i natt avslutta ein søket på Haukåsen i Sogndal der ein 37-åring måndag ettermiddag kom vekk frå turfølgjet sitt.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt opplyste onsdag morgon at dei i Sogndal ønskte hjelp frå frivillige.

– Når det gjeld leiteaksjonen på Haukåsen så ynskjer vi hjelp av frivillige til å gå manngard. Til fleire vi kan få med der, til betre er det, sa Hatlenes til NRK.no tidleg onsdag.

Manngard

Kring 70 personar deltek onsdag i dei to leiteaksjonane. Det er både mannskap frå Røde Kors, Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og tre politihundar, mannskap frå politi og brannvesen.

– Ein er no i gang med søk på begge plassar, og søka kjem til å halde fram ut dagen, opplyste operasjonsleiar Per Rimmen ved Vest Politidistrikt i Florø tidlegare i dag.

Sonar

I ettermiddag er det venta ein sonar til Florø.

– Der ser vi for oss at den blir sett inn i leitinga torsdag, seier Rimmen.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.