NRK Meny
Normal

Leitar framleis etter sakna

Torsdag morgon starta politiet med sonarsøk etter sakna Harald André Skåre (45).

Bildet

SONARSØK: Torsdag blei det sett i gong søk med sonar etter sakna Harald André Skåre.

Foto: NRK-tipsar

– Sonar kan hjelpe oss når det er dårleg sikt i vatn, og kan registrere om det er noko som ligg på botnen, seier Per Rimmen, operasjonsleiar ved Vest.

Harald André Skåre blei er sist observert i Florø sentrum klokka 01.30 natt til søndag og meldt sakna søndag kveld.

Ingen teori

Harald Andre Skåre

DEN SAKNA: Harald André Skåre (45) er sakna i Florø

Foto: Politiet

Store styrkar har delteke i leitinga etter 45-åringen. Søket har vore konsentrert ved Storevatnet i Florø som ligg i Florø sentrum, etter at Skåre sin mobiltelefon og førarkort blei funne like ved vatnet.

Politiet har ingen teori om kva som ligg bak forsvinninga, men mistenkjer ikkje at noko kriminelt skal ligge bak.

– Vi konsentrerer oss framleis om Storevatnet. I tillegg til dei som søker med sonar, er det fem personar frå Røde Kors og innsatsleiar frå politiet til stades, seier Rimmen.

– Fleire avhøyrt

Fleire personar avhøyrt i saka etter at politiet sa dei ønska kontakt med alle som var i Florø sentrum og området Tua-Kleiva-Storevatnet-Lisjevatnet natt til søndag mellom klokka 01.00 og 08.00.

Operasjonsleiar seier at dei vil gjere ei vurdering torsdag ettermiddag om korleis søket skal skje vidare.

– Det kjem an på korleis søket med sonar går. Etter dagen i dag vil vi ta ei avgjere på kva som skjer vidare.

Ingen funn etter sakna i Sogndal

Heller ikkje i Sogndal er det gjort funn etter den 37 år gamle mannen som har vore sakna i området rundt Haukåsen sidan måndag kveld.

– Søket held fram med stor styrke. Kring 50 personar leitar etter mannen, seier Rimmen.

florø

STORAVATNET: Søket har vore konsentrert ved Storevatnet i Florø som ligg i Florø sentrum, etter at Skåre sin mobiltelefon og førarkort blei funne like ved vatnet.

Foto: NRK-tipsar
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.