Leitar framleis etter Charlotte

Leitinga med undervasskamera etter den sakna Charlotte Moene held fram.

Charlotte Moene
Foto: Politi / NRK

Politiet i Årdal har framleis att plassar dei skal undersøkje.

Lensmann Kristen Olav Grøttebø i Årdal seier dei vil søkja ved Øvstetunfossen, men må førebels venta grunna høg vass-stand. Håpet er at godvêret til helga kan leggja til rette for søk ved fossen.

Samla inn 500.000

Innsamlingsaksjonen for den sakna Charlotte har fått inn nesten ein halv million kroner. Tidlegare stod det pengar i Bjørn Moens Minnefond, og totalsummen er no oppe i vel 650.000 kroner.

Det er handball-venninnene til Moene som har starta aksjonen, og pengane skal nyttast til å halda fram leitinga når politiet innstiller søka sine.