Hopp til innhold

Fann feil på feil i straumleveransen til Jølster

Kring 250 straumkundar i Sunnfjord var i ettermiddag fleire timar utan straum.

Over 500 husstandar i nedre delar av Jølster vart mørklagde i 1430-tida onsdag. Halvannan time seinare opplevde 29 straumkundar i Haukedalen det same.

Like før klokka 21 hadde dei siste vel 200 husstandane på Jølster fått att straumen. Då hadde eit titals personar gått langs straumlinja på jakt etter feil.

– Vi fann ein feil på jordkabel i Hjellbrekkefeltet og to fasebrot på linjenettet mellom Stakaldefossen og Langhogane. Det er uvisst om det er samanheng mellom feila, seier Stein Valvik ved Sunnfjord Energi.

I 21-tida var framleis 29 kundar i Haukedalen i Førde utan straum. Her er det førebels uvisst om det er tale om ein kabel- eller linjefeil.

– Vi har folk som jobbar med å rette feilen og håpar at dei aller fleste har fått att straumen om ein times tid, seier Valvik.

Straumen er i 23-tida tilbake i Haukedalen, men Sunnfjord Energi melder då om ein ny feil på Jølster. No er 11 husstandar på på Vassenden utan straum grunna ein defekt trafo i Bjørkelia.

– Denne må skiftast ut. Det vil difor ta nokre timar før straumen er tilbake her, skriv dei på nettsidene sine og reknar at straumen vil vere tilbake att klokka 02.