Politiet i Vågsøy er interessert i å høyre frå førarane av to bilar som passerte grendahuset på Bryggja på riksveg 15 natt til søndag. Bilane skal ha køyrt i retning Måløy i fire-tida om natta.
Politiet vil høyre frå to vitnar som natt til søndag passerte riksveg 15.
Kvit eller gul bil
Den eine bilen er raud, den andre kvit eller gul. Lensmann Reinhardt Sørgård seier dei to bilane må ha passert staden der ei 31 år gamal kvinne vart funnen hardt skadd søndag morgon. Kvinna døydde seinare, og sambuaren er no sikta for ugjerninga.
Lensmannen opplyser også at alle husstandane i Totland-området vil få besøk av politiet dei næraste dagane, som eit ledd i etterforskinga.