Hopp til innhold

Leitar etter vikingblod i Nordfjord

Folk frå Nordfjord vert bedne om å gje blod til eit heilt nytt internasjonalt forskingsprosjekt. Hovudmålet er å sjå på den genetiske samansetjinga til folk i Storbritannia og Noreg.

Ellen Christine Røyrvik
Foto: Privat

Ellen Christine Røyrvik frå Hyen i Sogn og Fjordane er stipendiat ved Universitetet i Oxford. Ho jobbar no med eit prosjekt som tek sikte på å lage eit genetisk kart over dei britiske øyene og omliggjande land. I Noreg skal ho innom Setesdalen, Ottadalen og Nordfjord.

Genetiske signaturar

- Me ser etter genetiske signaturar som er meir typiske for eitt område enn eit anna. Om me skulle finne eit mønster litt oftare enn ein skulle forvente er det nærliggande å tru at det kjem frå vikingane. Men det finst ikkje spesielle vikinggen, seier Røyrvik.

DNA frå blodet som blir tappa skal analyserast for å sjå etter mønster. I analysen vil dei for det fyrste sjå etter genetiske sjukdommar. Dei vil freiste å finne svar på kva genetiske skilnadar som gjer at nokon er predisponerte for til dømes hjarte- og karsjukdommar og kreft. I tillegg til dette vil dei sjå på folkehistorie og på slektskap.

Resultatet vil dei nytte til å sjå på mellom anna korleis folk har bevegd seg i forhistorisk tid og kor mange som er inngifte.

Er me like eller ulike?

Dei norske prøvane vil gje eit godt grunnlag for å undersøke den jamne folkesetnaden i Noreg. Dette har aldri vorte gjort før. Resultata kan verte nytta til å sjå på slektskapsforhold både i lokalbefolkingar og også utover landegrensene.

Kvifor Nordfjord?

Folkehistoria frå Nordfjord syner at veldig mange nordfjordingar valde å gifte seg med nordfjordingar. Dette aukar sannsynet for at dei som vel å gje blod er representative for området. Ein kan då nesten seie sikkert at dei genane Røyrvik finn har vore i området i veldig lang tid og er representative for eit godt tidsrom tilbake, kanskje til og med heilt tilbake til då Noreg fyrst vart befolka.

Avhengig av frivillige

Røyrvik treng om lag 50-60 personar frå området. Krava er at du har alle fire besteforeldre frå omegn, at dei som melder seg ikkje er i nær slekt og at du er viljug til å gje vekk ein liten menge blod. Om du ynskjer å delta, og oppfyller desse krava, skal Røyrvik vere på Sandane i Nordfjord i dag frå klokka 11 til 17.

Om du har vikingblod i årene får du vite etter omlag eitt og eit halvt år.