Mannen i 20-åra ligg vêrfast i fjella vest for Førde på andre døgeret. Lensmann i Førde og Naustdal Kjell Fonn seier at dei også har med eit par snøscooterar og ein hund som er i sving.
- No skal vi ut i området rundt Skinnbroka med omlag 50 personar, seier han.
Mannen som er vêrfast er på Skinnbroka, som er i skodda bak skianlegget i Blomlia. MMS-Foto: Heidi Lise Bakke
Sludd og skodde
Fonn seier at veret i området er slik at det ikkje er mogeleg å setje inn helikopter. Det sluddar og skodda ligg lågt, og det gjer leitinga vanskeleg.
Han seier at det ikkje vart sett i gang ein større ein større leiteaksjon på måndag fordi mannen var godt budd på å overnatte ute. Politiet har ikkje grunn til å tru at mannen har gått ned frå fjellet utan å seie i frå om det.
Mobiltelefonen tom for straum
Mannen skal vere godt utstyrt med klede, mat og telt. Politiet har fleire gonger vore i kontakt med han via sms på mobiltelefon, og han har då oppgitt at det står bra til, og at han er ved godt mot. Men etter klokka halv ni i går morgon har det ikkje lukkast leitemannskapa å få kontakt. Mest sannsynleg fordi mobiltelefonen til mannen er tom for straum.
Måtte gje seg
I går kveld måtte leitemannskapa gi seg på grunn av dei vanskelege vêrtilhøva i området. Det var dårleg sikt, og ein del vind og nedbør. Og det fører til at det var ein viss snøskredfare enkelte plassar. Det seier redningsleiar Knut Hansen.
Dårleg sikt
Skinnbroka, som fjellplatået der mannen sit vêrfast heiter, blir vanlegvis rekna som eit greitt turområde, seier Helge Schei som er ein dei seks orienteringsløparane som i går deltok i leitinga etter den sakna mannen. Men det er dårleg sikt og vanskeleg å orientere seg. Normalt sett er ikkje dette noko vanskeleg område, seier han.