Hopp til innhold

SNO leitar etter ulvespor fleire stadar

Fleire bønder har tysdag gått i lag for å leite etter ulv i Viksdalen i Gaular, etter at ein mann måndag såg det som kan vere ein ulv springe over fylkesvegen rett framfor bilen hans.

Spor etter det ein meiner er ein ny ulv i Naustdal.

LEITAR ETTER NYE SPOR: Bønder i Viksdalen er ute og leitar etter ulvespor tysdag. Desse spora er frå Naustdal tidlegare i år.

Foto: Vidar Heggheim

– Det skjedde rett i nærleiken av sentrum i Viksdalen, området vi kallar for «Vikja». No er vi ute tre mann for å sjå etter ulven, fortel Rolf Råheim i Viksdalen bondelag til NRK.

Mannen som såg det han meiner er ein ulv, varsla Statens naturoppsyn (SNO). Dei reiser i løpet av dagen til Viksdalen for å sjå om dei kan finne spor. Det var fordeby.no som først melde om den moglege observasjonen.

– Eg har sjekka ei spormelding på Gravvatnet, så skal eg sjekke ei spormelding på Øksland. Dersom eg rekk det skal eg til Viksdalen og sjekke der også, seier Finn Olav Myhren i SNO til NRK.

Vil halde fram leitinga

Utfordringa for bøndene og SNO er at snøen er så tilblåst og hard at det er vanskeleg å finne gode nok spor.

– Det er umogleg å seie om det er ulvespor, det var så blåst igjen på Gravvatnet at eg ikkje kan konkludere der, seier Myhren.

Bøndene i Viksdalen vil halde fram leitinga etter spor utover tysdagen, og Rolf Råheim trur augevitnet har rett i at han såg ein ulv springe over fylkesvegen.

– Men snøen er veldig hard og skarete, så det er ikkje så lett å finne spor. Vi har funne eit hjortekadaver, som har vore ete på etter at snøen kom, seier Råheim.

Vil prøve å dokumentere ulvespor

Myhren i SNO kan ikkje konkludere om det er ein ulv som er på vandring i nye delar av Sunnfjord.

– Det har vore vanlegare i haust og vinter, enn det har vore før i Sunnfjord. Vi har hatt ein dokumentert ulv. Vi får prøve å dokumentere det vi kan av spor og liknande, seier Myhren.

Skaut ulv i Naustdal

I midten av desember felte eit jaktlag på fem ein ulv i Naustedalen, og ein var då usikker på om det kunne vere fleire dyr i området. Oppmodinga frå SNO er klar:

– Folk som finn spor må melde frå med ein gong, slik at vi kan få sjekka det opp, seier Rein Arne Golf som er rovviltkontakt for Statens naturoppsyn i fylket.

Ulven i Naustdal

SKOTEN: Ulven som blei felt i Naustdal i desember.

Foto: Elias Engevik / NRK