Hopp til innhold

Har lokalisert syndaren etter dieselutslepp

Teknisk etat, brannvesenet og politiet jakta onsdag kveld etter eit dieselutlsepp i elvene Anga og Jølstra i Førde.

Utslepp i Jølstra/Anga i Førde

SØL: Ein film med det som kan vere oljesøl vart observert på Jølstra ved Pikant.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Brannalarmsentralen fekk melding klokka 2151 frå personar ved det nye rådhuset i Førde.

Då var teknisk etat i kommunen allereie i gang med å søke etter syndaren.

– Det lukta ganske sterkt diesel ved Pikant, men sølet strekkjer seg over ei ganske lang strekkje. Vi har også fått opplysningar frå området ved Førdehuset og Slåtten skule, seier Frode Eide.

Arve Hornnes ved teknisk etat seier dei er mange som no er ute for å prøve å finne ut kvar lekkasjen kjem frå.

– Meldinga gjekk på oljesøl i overgangen mellom Jølstra og Anga, men vi har no stadfesta at det kjem frå Anga, seier Hornnes til NRK.no.

Klokka 22.30 opplyser alarmsentralen at søket etter syndaren blir konsentrert i området Slåtten, på Tefre-sida. Kort tid etter meiner dei å ha lokalistert syndaren.

– Det er noko gravearbeid og ei fylling ved Tefre, der det ser ut til å sive litt ut i ein mindre bekk. No skal brannvesenet opp att og leggje ut absorberande lenser, seier Eide hos alarmsentralen.

Brannvesenet vil tek med seg prøver av stoffet og vil torsdag reise opp att for å sjå på vidare tiltak.

– Det kan vere nok med ei masse som har vore dynka i olje, og når det regnar siv det ut, seier Eide.