Hopp til innhold

Må hjelpe innbyggjarar med tak over hovudet etter brannen

Årdal kommune samlar kriseleiinga i kommunen etter brannen i burettslag der seks personar vart evakuerte.

Brannskader i Årdal

MÅ FINNE LØYSINGAR: Brannen natt til tysdag førte til at fleire leiligheiter i burettslaget fekk brannskader.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Dei vart evakuerte til nabobygget og fekk kontakta familie slik at dei har budd hos familie i natt, seier Kristiane Seim som er leiar for spesialomsorg i Årdal kommune.

Politiet fekk melding om brannen i burettslaget i går i 22.30-tida. Berre ein halvtime etter hadde brannmannskapet fått kontroll på flammane. Den eine leilegheita er totalskadd i brannen, medan dei andre har fått vass- og røykskadar.

Brannskader i Årdal

TOTALSKADD: Ei av leilegheitene vart totalskadd i brannen.

Foto: Siren B. Svortevik

Dei seks personane som bur i leilegheitene brukar bygget som eit bufellesskap for ein del brukarar av kommunen sine tenester.

– No skal kriseleiinga i kommunen samlast klokka 09. Så vil vi legge ein plan for det vidare arbeidet. Vi må kartlegge kven som treng andre butilbod og finne ei løysing på det.

Ho trur ikkje det blir vanskeleg å finne løysingar for dei som treng det.

Sterke inntrykk

Seim rosar innbyggjarane i burettslaget for måten dei takla brannen på.

– Då eg kom dit var dei komne ut. Så dei var veldig flinke og kom seg ut, og det er det viktigaste. Utan skader, seier Seim.

Ho seier dramatikken natt til tysdag har sett sine spor hos bebuarane og må kanskje bearbeidast.

– Det er nok ei veldig skremmande oppleving, og veldig dramatisk for dei. det er heimen deira og når slikt skjer blir det veldig kaotisk og stressande. Så dei vil sjølvsagt få oppfølging frå kommunen dersom dei treng det.

Burettslaget brann i natt

BURETTSLAG: Det var seks burettslag som vart skadde i brannen.

Foto: Siren B. Svortevik