Hopp til innhold

Mann hoppa på elva etter innbrot - politiet leitar framleis etter mannen

Gjerningsmannen etter eit innbrot ved Aurland barne- og ungdomsskule er framleis ikkje pågripen. Vitne såg mannen springe frå staden og hoppe på elva.

Innbrot i Aurland
Foto: Arne Veum

– Det er gjort søk i området i ettermiddag, men vi har enno ikkje arrestert gjerningsmannen, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjetil Avsnes.

Ein mann skal ha brote seg inn på Aurland barne- og ungdomsskule fredag ettermiddag og politiet i Aurland har leita etter mannen sidan dei fekk melding om innbrotet.

Innbrotet skal ha skjedd etter klokka 17. Vitne melde frå til politiet om at ein mann hadde brote seg inn på skulen. Vitna observerte at ein mann forsvann frå staden, og politiet har gode vitneobservasjonar å gå etter.

Vitne NRK.no har snakka med seier at mannen vrengde av seg jakke i det han sprang frå staden. Så byksa han i elva på ein stad der det er ein kulp som er så djup at han var heilt under. Deretter vart mannen observert då han kom opp av elva på andre sida.

– Vi har framleis nokon som leitar etter karen. Søket vi har gjort er i eit område der det er gjort observasjonar. Hittil er det ikkje gjort nokre nye observasjonar av mannen, seier Avsnes.

Mannen sin identitet er førebels ukjent og politiet kan ikkje seie om dette er ein lokal person.

Det er framleis ikkje klart om det er stole noko frå skulen, men mannen skal ha teke seg inn ved å bryte opp ei dør.

– Vi har førebels ikkje oversikt over det, seier Avsnes.