Hopp til innhold

Leitar etter diktar med signaturen K

I 1932 skreiv ein ukjend person kjærleiksdiktet «Til Deg» i ei ungdomslagsbok i Eid. Denne veka gir bandet «Lothe» ut ei plate der diktet har fått ein viktig plass. No leitar dei etter personar som kan vite kven forfattaren er.

Lothe

LEITAR: Bandet Lothe leitar etter forfattaren til eit dikt dei har gjeve ut på sitt nye album.

Foto: Bjarne Ludvigsen

Det var etter ein turne i 2014 at leiaren av bandet, Odd-Erik Lothe, traff på ei jente han ikkje hadde sett på mange år. Ho fortalte at ho hadde funne eit kjærleiksdikt han berre måtte lese, og som ho lurte på om han ville sette melodi til, fortel Lothe.

LES OGSÅ: Musikksjef skryter av Lothe

Fann det i riveklart hus

–Diktet hadde ho funne på eit loft i eit hus som skulle rivast. I siste liten hadde ho fått lov til å hente ut det ho ville før maskinene jamna bygget med jorda.

Det var i ei ungdomslagsbok frå Uredd ungdomslag ho fann diktet. Ei bok som tydeleg har gått på omgang blant medlemene. Diktet er sirleg ført inn med nydeleg handskift, og framsida av boka har no blitt coveret på Lothe sitt nye album «Kjærleik & Hat.»

Bilde av diktet "Til deg"

TIL DEG: Slik ser diktet 'Til deg' ut. Diktet er signert av forfattaren med K og datoen 6. februar 1932.

Foto: Odd-Erik Lothe

Finn ikkje spor av forfattaren

–Diktet gjorde inntrykk på meg. Det var både enkelt, søtt og vakkert, men også sterkt og gåtefullt. Eg tenkte litt på Jakob Sande då eg las det. No lurer eg veldig på kven det var som forfatta dette for meir enn 80 år sidan, undrar Lothe.

Det er gjort forsøk å finne fram til forfattaren. Lothe har søkt, spurt og gravd. Men enno har han ikkje funne spor etter forfattaren av kjærleiksdiktet. Alt som står under diktet er bokstaven K og datoen 6. februar 1932. Akkurat kvar Uredd ungdomslag eksisterte er han heller ikkje heilt sikker på.

I 1932 skreiv ein ukjend person kjærleiksdiktet «Til Deg» i ei ungdomslagsbok i Eid.

- Om nokon der ute veit kven det var som sette saman desse kjærleiksfulle orda for så mange år sidan, har vi veldig lyst å høyre om det. Så får vi plassert æra der den høyrer heime, seier Lothe.

Inspirert av krimhelt

Diktet «Til Deg» er eitt av elleve spor på det nye albumet til Lothe. Låta «Den Finaste Songen» frå plata er alt spelelista i NRKP1. Tittelen «Kjærleik & hat» seier inspirasjonen fann han hjå krimhelten Harry Hole. For å nøste opp i grufulle, hatefulle gjerningar blei Hole tipsa om å følge spora frå kjærleiken og ikkje hatet.

–Ei gammal erkjenning kom tilbake til meg om at kjærleik og hat er to sider av same sak. Kanskje nettopp difor finst det så mykje vondskap som er utført i kjærleikens namn. Kjærleiken får fram det beste og det verste i oss, seier vokalist og låtskrivar Lothe.