Hopp til innhold

Leitar etter brannårsaka i Måløy

Krimteknikarar har i dag gått i gang med åstadsgranskinga etter brannen som tok livet av ein mann i sekstiåra.

Brann i Måløy

VITNE: Trass vitneobservasjonar på kvar brannen kom rakast gjennom taket er det framleis usikkert kvar i bygget brannen starta.

Foto: Eva Westvik

Det var fredag morgon at eit leilegheitskompleks i Måløy sentrum tok til å brenne. Ein mann i sekstiåra omkom i brannen. Lensmann i Vågsøy, Nils Bakke, seier årsaka til brannen foreløpig er ukjend.

– I dag driv åstadsgranskarar med undersøking av åstaden. Den vil nok gå føre seg både i dag og i morgon. Foreløpig er det difor ikkje mogleg å seie noko om brannårsaka.

Usikker opphavsstad

Politiet fekk melding om brannen i Gate 1 rundt klokka halv seks fredag morgon. Huset det brann i er både eit næringsbygg og eit bustadhus.

Bakke fortel at dei trass vitneobservasjonar endå ikkje veit nøyaktig kvar brannen starta.

–Vi har observasjonar frå brannvesenet og vitne som ser kvar brannen kom raskast gjennom taket, men vi har ikkje andre indikasjonar enn det på kvar brannen har starta.