Hopp til innhold

Leitar etter bjørnespor

I helga vil sauebønder i Haukedalen i Førde leite etter bjørn på Jostedalsbreen.

Lars Gjerland
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Etter at tre sauer vart drepne av sau i Fjærland i pinsa er bøndene no redde at bjørnen kan kome tilbake.

Sauebonde i Haukedalen, Lars Gjerland ser etter sauene sine fleire gongar om dagen. Han brukar kikkert og håpar å finne sauene sine i god behald.

Bjørn tilbake

Årsaka til at bonden er ekstra redd for dyra sine om dagen er at det denne veka vart konstatert bjørn i fylket for fyrste gong på 50 år.  Tre stygt medfarne sauekadaver og tydelege spor i Fjærland viste at bjørnen er tilbake i fylket.

Kan dukke opp overalt  

Haukedalen
Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Fagfolk trur at det farlege rovdyret bevegar seg på Jostedalsbreen og går ned i dalane for å drepe sau. I og med at bjørnen bevegar seg på breen kan han enkelt nå både Stryn, Gloppen, Jølster, Luster, Sogndal og Fjærland. Difor oppmodar bøndene i Haukedalen om at fleire blir med på søket i helga.

Sist sett i 1890

I tidlegare tider var det kjent at det var mykje bjørn i området rundt Fjærland og Haukedalen. I Fjærland trur ein det var opp til 10 bjørnar med fast tilhald i bygda på 1800-talet. Historia fortel at siste gong budeiene på stølen i Haukedalen såg bjørn var rundt 1890.

Redd han kjem tilbake

Gjerland veit at det slette ikkje er langt frå Fjærland ned til Haukedalen. Han trur ikkje dei finn bjørnen når dei no fer på leit etter han, men han håpar dei kan finne spor etter rovdyret.

Bjørn eller sau

Bøndene i Haukedalen seier dei er redd for at bjørnen vil slå seg ned igjen i området. Men då krev dei å få han fjerna, elles må dei avvikle sauedrifta, seier Gjerland.