NRK Meny
Normal

Tysk kvinne gjenforeint med ektemannen etter leiteaksjon

Den tyske kvinna som var sakna i Haukedalen i Førde kommune har kome til rette, og er gjenforeint med ektemannen som venta på hytta.

Laster kart, vennligst vent...

Kvinna la ut på tur i 11-tida i føremiddag, og skulle ha vore attende ved 18-tida i kveld. Kring klokka 20 vart politiet varsla, og det var sett i gang ein leiteaksjon.

– Vi kalla ut Røde Kors og Norske Redningshunder, i tillegg til at politiet også var på veg til Haukedalen, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes til NRK.

Klokka 21.05 opplyser Hovudredningssentralen for Sør-Norge at kvinna har kome til rette. Ho hadde feilrekna tida.

Den tyske turisten er i god form og var fjellvant.

– Ho er no gjenforeint med ektemannen som venta på hytta i Haukedalen, opplyser Hovudredningssentralen til NRK.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.