Hopp til innhold

Leirskule og haustferie på gard

FØRDE (NRK): I Angedalen samlar ungar frå Førde seg i haustferien for å lære meir om dyr og gardsliv.

Andreas i Angedalen

GØY: Andreas (7) tykkjer det er kjekt på leirskule

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det kjekkaste vi har gjort her på garden er å halde kaninane. Det seier Andreas Sund Hestenes (7), som har vore med på leirskulen heile veka.

På garden bur det mange forskjellige dyr, og gardslivet byr på ymse utfordringar.

– Vi rir og køyrer firhjuling. Og så er vi rundt om i dalen og finn på mykje sprell, seier ein av leirskulelærarane.

Andreas med teikning

MÅLING: Her har Andreas målt eit bilete på leirskulen

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Låvekino og solbærtoddy

Saman med fire lærarar er det om lag ti ungar som er samla til gardsskule i haustferien, og dei tek gjerne dei fleste måltida sine ute i det fri. I kveld blir dei likevel innandørs.

– Vi skal ha låvekino i den eine løa her på garden, og då blir det sjølvsagt både solbærtoddy og popkorn attåt.

Gardslivet er noko nytt og spennande for mange av ungane, og for mange er det særleg kjekt at det er så mange forskjellige dyr ein kan sjå og klappe på.

– Det er sauer, hestar, kyr og høns i alle fall, seier Andreas, som har planar om å mate hønene utover dagen.

Leirskulelærarar

VARIERT: Leirskulelærarane seier at det er mange varierte aktivitetar på leirskulen i Angedalen

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Mange av ungane bur heime om nettene, men nokre vel å bu på garden. Då søv ein ute i ein gapahuk.

– Det var litt kjedeleg å sove i gapahuk, seier Andreas. Han innrømmer likevel at det var kjekt å lage maten på bål.