Hopp til innhold

Leikar med livet på isen

Dei siste dagane har fleire latt seg freiste til å prøve isen som har lagt seg på Jølstravatnet ved Vassenden i Jølster. Men isen er langt frå trygg, åtvarar naboar.

Farleg is på Vassenden

PÅ TYNN IS: Fleire har tatt sjansen på den tynne isen på Jølstravatnet.

Foto: NRK-tipsar

– Torsdag var det ikkje is på vatnet i det heile, og på laurdag såg eg dei første som gjekk på isen som då hadde lagt seg, seier Bernt Kjøsnes.

Han karakteriserer det som eit under at ikkje nokon av dei som har vore utpå har gått gjennom isen. Han har allereie fleire gonger vore nede for å åtvare folk mot å ferdast på isen.

Heiv seg i bilen

Bernt Kjøsnes

FARLEG LEIK: Bernt Kjøsnes har stogg folk frå å gå på denne tynne isen på Jølstravatnet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Seinast i ettermiddag har eg vore nede. I går var dei eg såg så langt utpå at eg var sikker på at dei kom til å gå gjennom isen.

Han kasta seg i bilen og køyrde ned til vatnet, med mobiltelefonen i handa, klar til å ringe etter hjelp, dersom nokon skulle gå gjennom den tynne isen. Området der isen no har lagt seg er i enden av Jølstravatnet ved Vassenden. Det som gjer det ekstra farleg er at det er like ved der vatnet går over i elva Jølstra.

– Dette var på lykke og fromme, dei kunne like gjerne ha gått gjennom isen og bli trekt under isen og nedover elva. Eg torer nesten ikkje tenke på kor gale det kunne ha gått, seier Kjøsnes.

Foreldre med born

Det er ikkje berre born som har tatt sjansen på at isen er sterk nok.

– Det har vore vaksne som har vore på isen med ungar.

– Kva seier dei du har åtvara?

– Dei som eg har snakka med har trekt på skuldrene og ikkje trudd det var så farleg. Eg må seie at eg er forundra over at folk torer seg utpå når det er ope vatn like i nærleiken.

På tynn is

FARLEG LEIK: Tar sjansen på at isen held.

Foto: NRK-tipsar

Ikkje aktuelt med skilting

I kommunen seier ordførar Oddmund Klakegg at det ikkje er aktuelt å sette opp skilt for å åtvare mot usikker is.

Oddmund Klakegg

IKKJE SKILTING: Oddmund Klakegg (Sp) er ordførar i Jølster.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Dette er eit problem for oss. Vi har over 400 vatn i kommunen. Skiltar vi ein stad kan det fort tolkast som at det er trygt der det ikkje står skilt.

Klakegg opnar likevel for å bruke heimesidene til kommunen for å opplyse om kva som er trygg is.

– Kanskje kan vi og seie noko om når det er trygt å gå på isen på dei mest brukte vatna. Vi har ikkje moglegheit til å ha vakthald for alle vatna i kommunen, så her må vi nok be folk bruke sunn fornuft.