NRK Meny
Normal

LEIKANGER: Senterpartiet fossar fram

Arbeidarpartiet er framleis det største partiet i Leikanger, men Senterpartiet har teke eit kraftig innhogg.

Senterpartiet gjer brakval i Leikanger

GJER BRAKVAL: Senterpartiet kan juble over resultatet i Leikanger her dei følgjer valet frå Knausen pensjonat og kafe. Ordførarkandidat Ole Simen Nesdal (tredje til venstre) håpar å ta over ordførarstillinga.

Foto: Privat

Vallogo

Dei aukar nemleg med 10 prosentpoeng frå førre kommuneval og ligg no på 30,6 prosent av stemmene, medan Arbeidarpartiet har 36,4 prosent etter å ha gått tilbake med 3,2 prosentpoeng.

Ole Simen Nesdal, ordførarkandidat for Senterpartiet og noverande varaordførar, er godt nøgd resultatet.

– Dette var over all forventning, seier Nesdal.

Ap tapar frå førre kommuneval

– Mitt personlege tips var at det var ganske «standby» i Leikanger, men det har skjedd noko, seier han.

Og Nesdal trur mykje handlar om at Olav Lunden i Arbeidarpartiet har gitt seg etter mange år som ordførar i kommunen. Jon Håkon Odd har overteke toppkandidatrolla i partiet.

– Vi visste at det skulle bli ny ordførar og då stiller alle parti med nye kort, og vi har hatt gode senterpartikandidatar, seier Nesdal.

Vil snakke med alle

Ordførarkampen står truleg mellom han og Odd i Ap, men kven det blir vil ikkje Nesdal konkludere med.

– Det skal vi forhandle om no i dei nærmaste dagane. No skal vi snakke rundt med partia og så få til eit samarbeid på ein eller annan måte. Vi har sagt vi skal snakke med alle, det sa vi før valet, og det skal vi gjere. Vi startar med det største partiet, Ap, og så gjer vi opp rekninga når vi har kome rundt alle, seier han.

Om det kan bli aktuelt å samarbeide med andre for å ekskludere Arbeidarpartiet vil ikkje Nesdal seie noko om akkurat no. Ordførar eller ikkje, Senterpartiet feirar no dei to ekstra mandata på Knausen pensjonat og kafe der dei har valvake.

– Det blir nok ikkje avgjort i kveld kven som blir ordførar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser